Rytmegitar er å nytte ein gitar som rytmisk akkordakkompagnement for ein songar eller andre instrument i ei musikkgruppe.
I eit band som spelar akustiske, country-, blues-, rock- eller metalsjangrar (mellom andre), støttar ein gitarist som spelar rytmedelen melodilinja og soloane spelt av soloinstrumentet eller andre instrument.
I mange kommersielle sjangrar dominerer elektrisk gitarar som rytmegitar, men akustisk gitar er eit populært val i country og folkemusikk.
I popmusikk nyttar ein som regel rytmegitaren til å berre spele akkordsekvensar eller «progresjonar», og gjev ofte rytmen eller takten i tillegg, vanlegvis som ein del av ein rytmeseksjon. I rock og mange av undersjangrane består ein rytmeseksjon som regel av minst rytme- og bassgitarar, trommer og ofte eit klaverinstrument, men kan innehalde mange andre instrument, som perkusjon, MIDI-instrument, trommemaskinar, turntable og utstyr for avspeling av førehandsinnspelte rytmeakkompagnement.
Ein gitarist spelar akkordar ved å klimpre på strengane eller plukke arpeggioar, som gjev akkordprogresjon eller «endringane» som støtter melodilinja framført av andre instrument eller vokalen. I motsetnad er rolla til sologitaristen å gje melodi, motmelodi og soloar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Rytmegitar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.