Elsk eller elskhug (elskug, elskog, elsko) er eit substantiv som er nytta om jordisk kjærleik, i nokon grad erotisk lengt eller lyst.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Omgrepet femnar noko vidare enn rein lyst. Verb-avleiinga er «å elske». Ein annan avleiing er «ei elska», før i tida nytta om ein kjærast. Før i tida nytta ein omgrepet noko vidare enn i dag, då «elske» ofte er vorte synonymt med seksuelt samvære. Om ein elskar noko eller nokon, tyder det framleis at ein held storleg av objektet for elsk-hugen. I dag snakkar vi framleis om å «legge sin elsk på» noko.
Ordet har vore nytta i Skandinavia sidan norrøn tid, og finst i alle skandinaviske språk. Det er eit norrønt arveord, men ikkje nytta utanfor Skandinavia.
Litterært har ordet vore meir i bruk før i tida, mellom anna i den norske nyromantikken (Vaar og elsk av Hans E. Kinck, diktet Elsk frå Haugtussa av Arne Garborg).
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Elsk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.