Robert Burns (25.
januar 1759–21. juli 1796) var ein skotsk lyrikar. Mest kjend er han for dikta som er skrivne på skotsk. Han skreiv òg dikt på skotskfarga engelsk og på standard engelsk.
Robert Burns | |
Statsborgarskap | Kongeriket Storbritannia |
Fødd | 25. januar 1759 Alloway |
Død | 21. juli 1796 (37 år) |
Yrke | låtskrivar, lyrikar, skribent, musikkforskar, bonde |
Sjanger | vers, forteljande lyrikk, song, ballade, kantate |
Far | William Burnes |
Mor | Agnes Broun |
Ektefelle | Jean Armour |
Born | Elizabeth Bishop (Burns), Robert Burns |
Robert Burns på Commons |
Robert Burns vart fødd i Alloway i Ayrshire i ein fattig familie og døydde i Dumfries. Han måtte vere med på gardsarbeid tidleg, og frå han var 12-13 år gamal, arbeidde han som ein vaksen kar. Sidan far til Robert Burns var oppteken av å gje borna ei god, kristen oppseding, fekk han lese- og skriveopplæring av ein privatlærar.
Burns er særleg hugsa for diktet «Auld Lang Syne». Fødselsdagen hans vert feira som ein uoffisiell skotsk nasjonaldag, «Burns Night».
Johannes Gjerdåker har omsett mange av Burns sine dikt til nynorsk. Det same har Hartvig Kiran og Olav Nygard.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Robert Burns, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.