Arne Garborg, fødd Aadne Eivindsson Garborg (25.
januar">25. januar 1851–14. januar 1924) var ein norsk forfattar, redaktør, omsetjar og intellektuell.
Arne Garborg | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 25. januar 1851 Jæren, Undheim |
Død | 14. januar 1924 (72 år) |
Yrke | journalist, skribent, dagbokskrivar, skodespelforfattar, lyrikar |
Religion | kristendom |
Ektefelle | Hulda Garborg |
Born | Arne Olaus Fjørtoft Garborg |
Arne Garborg på Commons |
Verka hans Garborg, både romanane og essaya tek opp mange tema som har vore og framleis reknast å vera av ålmein interesse, t.d. religionen i moderne tid, tilhøvet mellom lokal og nasjonal identitet og det europeiske, korleis folk kan få politisk påverknad og makt.
Arne Garborg var frå garden Garborg i Time kommune på Jæren i Rogaland fylke. Her voks han opp saman med foreldre og åtte sysken. Garborg reiste ut for å ta utdanning, trass i at han var odelsgut. Faren hadde ønskt at odelsguten skulle ha vore heime og etter kvart teke over garden. Faren, som var ein høgt respektert mann i bygda, kom ut i eit religiøst prega tungsinn, og tok livet av seg i 1870. Denne hendinga sette djupe spor i Arne Garborgs liv og forfattarskap, mellom anna i jærromanen Fred. I diktringen Haugtussa (1895), eitt av høgdepunkta i norsk bokheim, søkte han attende til liv og tru på Jæren i den førpietistiske tida.
I 1887 vart Garborg gift med forfattaren Hulda Garborg (fødd Bergersen). Dei budde frå 1897 på Labråten på Hvalstad i Asker, ein sentral møtestad for Askerkretsen, det leiande intellektuelle miljøet i Noreg i denne tida. På Jæren fekk Garborg i 1899 bygd ein sommarbustad, jærhuset i Knudaheio.
Romanen Fred (1892) og Haugtussa er sentrale verk i den norske bokheimen. Men også Bondestudentar, Mannfolk, Hjaa ho Mor og Trætte Mænd gjorde inntrykk på samtida, dei to siste også internasjonalt. Arne Garborg hadde mellom anna eit stort namn i Tyskland på 1890-talet.
Både Garborgheimen, Knudaheio og Labråten er museum i dag. I 2012 opna Garborgsenteret på Bryne, eit humanistisk vitensenter om Arne og Hulda Garborg.
Arne Garborg på Wikikilden (frie originaltekstar) |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Arne Garborg, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.