Kolbotn er ei hytte, eller østerdalsstove, ved Savalen i Tynset kommune, på grensa til Alvdal kommune.
Ho er kjend som ein kunstnarheim sidan forfattarekteparet Arne (1851–1924) og Hulda Garborg (1862–1934) budde her i åra 1885–1896.
Kolbotn | |||
stad | |||
Kolbotn med eit glimt av Savalen i bakgrunnen til høgre | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Tynset | ||
Kolbotn i Tynset 62°15′09″N 10°25′37″E / 62.2525°N 10.426944444444°E |
Det var Garborg sin ven Ivar Mortensson-Egnund som fekk Garborg til Nord-Østerdalen, og som hjelpte han å kjøpe ei tomt på ein stad der det tidlegare hadde vore ei kolmile, derfor namnet Kolbotn. Eit hus vart flytt hit og reist i 1885, og det var Arne Garborgs første eigne heim. Då han i desember 1887 gifta seg med Hulda, fødd Bergesen, flytta paret til Kolbotn. Dei budde her meir eller mindre fast fram til 1896, då sonen Arne Olaus hadde nådd skulealder.
Huset og livet til familien der er særleg gjort kjent gjennom Harriet Backers måleri av ekteparet: «Gamlestua på Kolbotn», men òg frå Arne Garborg si essaysamling Kolbotnbrev (1890) og Hulda Garborg si Frå Kolbotnen og andetsteds (1903). Fleire andre bøker vart òg til her: Hjaa ho mor (1890), Trætte mænd (1891), Fred (1892), Læraren (1896) og delar av Haugtussa (1895).
Huset er i dag ått av familien, og det er nokre gonger kulturarrangement på tunet eller utflukter til stova i samband med Garborg-dagane på Tynset. Lektor Arne Dag Østigaard, Tynset, har skrive ei omfattande bok om livet til paret i stova, med utgangspunkt i si eiga hovudfagsoppgåve frå 1970.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kolbotn i Tynset, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.