Det europeiske økonomiske fellesskapet (EØF) var ein overnasjonal organisasjon mellom opphavleg seks medlemsstatar i Vest-Europa.
Organisasjonen vart etablert 1. januar 1958 som følgje av Roma-traktaten og vart erstatta av det europeiske fellesskapet (EF) gjennom Maastricht-traktaten den 1. november 1993.
Etter opphavleg å ha hatt seks medlemsstatar, Belgia, Frankrike, Italia, Luxembourg, Nederland og Vest-Tyskland, vart EØF utvida til å ha tolv medlemsstatar før oppløysinga. I 1973 vart Danmark, Irland og Storbritannia med. I 1981 følgte Hellas etter, og i 1986 fekk EØF si site utviding, då Portugal og Spania vart med.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Det europeiske økonomiske fellesskapet, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.