Dei vestlege Ghatfjella (engelsk Western Ghats) eller Sahyadrifjella er ei fjellkjede som ligg langs den vestlege kysten av India.
Fjellkjeda går nord-sør langs vestsida av Deccanplatået og skil det frå ei smal kystslette ved Arabiahavet. Ho er rundt 1600 km lang.
Nordenden av Dei vestlege Ghatfjella ligg nær delstatsgrensa mellom Gujarat og Maharashtra, sør for elva Tapti. Fjellkjeda går gjennom Maharashtra, Goa, Karnataka, Tamil Nadu og Kerala før ho endar ved sørspissen av India i Kanyakumari.
Ordet «ghat» betyr trappetrinn. Ei tilsvarande fjellkjede, Dei austlege Ghatfjella, ligg aust i India.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Dei vestlege Ghatfjella, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.