Dei austlege Ghatfjella (eng.
Eastern Ghats) er ei avbroten fjellkjede som ligg langs den austlege kysten av India. Fjellkjeda går nord-sør langs austsida av Deccanplatået, frå Vest-Bengal i nord, gjennom Orissa og Andhra Pradesh til Tamil Nadu i sør. Dei fire store elvane Godavari, Mahanadi, Krishna og Kaveri har skore seg gjennom fjella. Mellom fjella og Bengalbukta ligg dei sørindiske kystslettene.
Klimaet i dei høgare fjella er som regel kaldare og fuktigare enn i slettene rundt, og ein finn skog og kaffiplantasjar her.
Den andre største populasjonen av ville elefantar lever i sørdelen av desse fjella og Dei vestlege Ghatfjella. Dei kan bevega seg mellom fjellkjedene gjennom ein økologisk korridor via Bilgiriåsane.
Ordet «ghat» betyr trappetrinn. Ei tilsvarande fjellkjede, Dei vestlege Ghatfjella, ligg vest i India.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Dei austlege Ghatfjella, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.