Chichen Itza er ein ruinby på den nordlege delen av Yucatán-halvøya søraust i Mexico.
Ruinane har spor av to ulike kulturepokar, ein maya- og ein itzá-epoke. Byen var framtredande allereie i klassisk mayatid, omkring 600-900 e.Kr. På 900-talet blei han erobra av itzáfolket.
Kukulkanpyramiden i Chichen Itza | |||
Land | Mexico | ||
---|---|---|---|
Innskriven ved UNESCOs 12. sesjon i 1988. Referansenr. 483. | |||
Kriterium: | I, II, III | ||
Sjå òg | Verdsarvstader i Amerika | ||
Bakgrunnsstoff | Chichen Itza ved unesco.org |
Stordomstida til Chichen Itza opphøyrde kring 1400. Ruinane blei funne att i jungelen på 1800-talet, og sidan er fleire tempel blitt restaurerte.
Chichén Itzá blei teken med på UNESCO si liste over verdsarv i 1988. I 2007 blei El Castillo på staden utnemnd til eit av dei sju nye underverka i verda etter ei verdsomspennande avstemming.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Chichen Itza, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.