Dei Sju Underverka

Dei sju underverka var ei gruppe makelause byggverk i (den greske) antikken.

Dei Sju Underverka
Sju underverk frå oldtida (frå venstre til høgre, topp til botn): Kheopspyramiden, Babylons hengande hagar, Artemistempelet i Efesos, Zevsstatuen i Olympia, Mausoleion i Halikarnassos, Kolossen på Rhodos og Fyrtårnet på Faros som omtala på 1600-talet av den nederlandske målaren Maarten van Heemskerck.

Førehistorie

Vi reknar til vanleg Antipater frå Sidon som opphavet til lista, fordi han nemnde dei sju underverka i eit dikt kring 140 f.Kr. Men tanken om sju underverk går lengre tilbake i tida; den tidlegaste kjende kjelda er Herodots Historie. I andre halvdelen av 200-talet f.Kr. skreiv Kallimakos frå Kyrene ei samling om verdas underverk, men denne gjekk tapt då biblioteket i Alexandria brann.

Sidan Antipater har fleire ulike lister blitt til. Blant anna samanlikna Plinius den eldre den romerske ingeniørkunsten - som akveduktar og kloakk - med dei greske byggverka. Den lista vi no kallar verdas sju underverk stammar eigentleg frå mellomalderen på ei tid då mange av underverka ikkje lenger eksisterte. Sidan lista stort sett kom frå greske nedteikningar, vart berre underverka som kunne vore kjende og vitja av dei gamle grekarane, inkluderte.

Grekarane nytta ikkje omgrepet «underverk», men theamata, som betre kan omsetjast til «må sjåast».

Dei sju underverka var:

  1. Kheopspyramiden
  2. Babylons hengande hagar
  3. Zevsstatuen i Olympia
  4. Artemistempelet i Efesos
  5. Mausoleion
  6. Kolossen på Rhodos
  7. Fyrtårnet på Faros

To av desse underverka stod i det som nå er Hellas, to stod i dagens Egypt, to stod i det moderne Tyrkia, og eitt stod i noverande Irak. Det einaste som enno er att er Kheopspyramiden; det eldste av underverka. Kolossen på Rhodos stod derimot berre i 56 år, til han raste saman under eit jordskjelv. Dei hengande hagane i Babylon er det av underverka vi veit minst om - kan hende har dei aldri eksistert.

Dei Sju Underverka 
Sju underverk frå oldtida (frå venstre til høgre, topp til botn): Kheopspyramiden, Babylons hengande hagar, Artemistempelet i Efesos, Zevsstatuen i Olympia, Mausoleet i Halikarnassos, Kolossen på Rhodos og Fyrtårnet på Faros ved Alexandria som skildra på 1600-talet av den nederlandske målaren Maarten van Heemskerck.
Underverk Dato Bygd av Øydelagt Årsak
Kheopspyramiden 2550 f.Kr egyptarar Er bevart --
Babylons hengande hagar 600 f.Kr babylonarar ? jordskjelv
Kolossen på Rhodos 550 f.Kr Anatolians 356 f.Kr jordskjelv
Zevsstatuen i Olympia 435 f.Kr grekarar ? brann
Mausoleion 351 f.Kr Karienarar ? jordskjelv
Artemistempelet i Efesos 292-280 f.Kr hellenistisk sivilisasjon 224 f.Kr jordskjelv
Fyrtårnet på Faros ved Alexandria 299–279 f.Kr hellenistisk sivilisasjon 1375 jordskjelv

Lister frå mellomalderen

Dei Sju Underverka 
Stonehenge har vore rekna som eit underverk sidan mellomalderen. Illustrasjon frå 1649.

Ulike lister over sju underverk vart sette opp seinare i mellomalderen, utan at ein kjenner opphavet sikkert.

Andre byggverk som har vore nemnde som underverk:

  • Taj Mahal
  • Citadellet i Kairo
  • Domkyrkja i Ely
  • Klosteret i Cluny

Moderne lister - dei sju nye underverka

Dei Sju Underverka 
Den kinesiske muren er ofte rekna som eit underverk.

I tråd med tidlegare tradisjon er det produsert mange lister opp igjennom åra over ulike underverk eller reisemål. Ei liste over sju menneske- og naturskapte «under» vart sett opp av Hillman Wonders:

Ei anna liste vart offentleggjort av det sveitsiske selskapet New Open World Corporation 7. juli 2007 (07.07.07), og fekk namnet Dei sju nye underverka. Selskapet heldt ei kåring av ei heil rekkje forslag av "underverk", og dei sju vinnarane vart:

Dei Sju Underverka 
Nordlys i Alaska
Foto: Joshua Strang, US Air Force

Naturskapte under

Ei av mange lister er nedskriven av CNN med berre naturskapte under:

Sjå og

Referansar

Bakgrunnsstoff

Litteratur

  • Cox, Reg, and Neil Morris, «The Seven Wonders of the Modern World». Chelsea House Publications: Library. October 2000. ISBN 0-7910-6048-9
  • Cox, Reg, Neil Morris, and James Field, «The Seven Wonders of the Medieval World». Chelsea House Publications: Library. October 2000. ISBN 0-7910-6047-0
  • D'Epiro, Peter, and Mary Desmond Pinkowish, «What Are the Seven Wonders of the World? and 100 Other Great Cultural Lists». Anchor. 1. desember, 1998. ISBN 0-385-49062-3
  • Morris, Neil, «The Seven Wonders of the Natural World». Chrysalis Books. 30. desember, 2002. ISBN 1-84138-495-X

Underverk frå oldtida

Andre underverk

  • The World's Top 100 Wonders - ei liste over dei fremste arkitektoniske, ingeniørmessige og naturlege underverk, sett saman av reiseskribenten Howard Hillman.
  • WonderClub.com - «listenes liste» med informasjon om dei fleste underverka

Tags:

Dei Sju Underverka FørehistorieDei Sju Underverka Lister frå mellomalderenDei Sju Underverka Moderne lister - dei sju nye underverkaDei Sju Underverka Sjå ogDei Sju Underverka ReferansarDei Sju Underverka BakgrunnsstoffDei Sju UnderverkaAntikkenHellas

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

DyreidrettDen julianske kalenderenAlfred MaurstadHalsnøyMímir KristjánssonKabelsporvognPeter Wessel TordenskjoldKarl II av EnglandKjersti GriniAndSjantiDen libyske borgarkrigenStephenie MeyerGiroVestleg kampkunstRøyskattStand by MeAgnes KittelsenHenning SolbergPentangleBjörn SkifsRayleeGotlandMegardsplassenMorfofonologiGåsOxfamFrozenEininga barGlobaliseringTyrkiaMHörbranzBritisk pundUigurarPápingoMull of Kintyre av WingsGro Harlem BrundtlandDonkey Kong Country ReturnsKarel LismontBone Against SteelKokosmakronCarl LarssonNasjonale minoritetar i NoregSambaInternasjonalenHovudstadHotel CaliforniaRSSAlpin tundra1998 TitiusChristianiaVitskap i 1881LemmingMarit BjørgenOddaÆrfuglMontserrat CaballéSax-a-boomDen gregorianske kalenderenFacesSuzanneEuropaVengGabriel PimbaErnst JosephsonDei fire årstideneBjørkefinkMediaWikiKjønnscelleMesopotamiaHar SedomVerdas landForvandlinga🡆 More