Caenorhabditis Elegans: Ikkje-parasittisk, jordlevande rundmakkart

Caenorhabditis elegans er ein gjennomsiktig 1–2 millimeter lang rundmakk.

Caenorhabditis elegans
Caenorhabditis elegans
Caenorhabditis elegans
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Rundormar Nematoda
Klasse: Chromadorea
Underklasse: Chromadoria
Orden: Rhabditida
Familie: Rhabditidae
Slekt: Caenorhabditis
Art: C. elegans
Vitskapleg namn
Caenorhabditis elegans
Maupas, 1900

Han finst i ròtnande frukter og stenglar og er ein viktig modellorganisme.

Oppbygging

Caenorhabditis Elegans: Oppbygging, Modellorganisme, Genom 
Diagram over oppbygginga til ein vaksen C. elegans-hann

Eit vakse individ har kring 1 000 seller, og dette talet er konstant; vaksne individ veks berre ved at sellene vert større.

C. elegans har to kjønnskategoriar: tvikjønn og hankjønn. Tvikjønna makkar kan fræva seg sjølve, medan hannmakkar berre kan fræva tvikjønna makkar.

Meltesystemet til C. elegans har 20 epitelseller som liknar på dei ein finn hjå menneske. C. elegans har ikkje immunseller.

Det ytre laget av C. elegans vert laga og skilt ut av 12 seller med til saman 157 sellekjernar. Langs sidene av vaksne C. elegans-individ går det òg to band kalla alae, skilte ut av samansmelta saumseller.

Nervesystemet til C. elegans er det mest komplekse vevet i organismen. Hjå tvikjønna makkar utgjer det kring 37% av alle kroppssellene. Tvikjønna makkar har 302 nerveseller fordelte på 118 ulike typar og 56 gliaseller. Hannar har 385 nerveseller og soleis fleire enn tvikjønna. Dei fleste ekstra nervesellene hjå hannane sit i halen. Hannane har åtferd knytt til øksling som tvikjønna ikkje har, og eit par ekstra nerveseller i hovudet er knytt til slik åtferd.

Modellorganisme

C. elegans er og har vore ein viktig modellorganisme og mange oppdagingar vart gjorde med C. elegans som modell. Mellom anna vart mikro-RNA oppdaga i C. elegans i 1993.

Genom

Ei sekvensering av genomet til C. elegans på kring 97 megabasepar vart publisert i 1998 og gjorde C. elegans til den fyrste fleirsella organismen som fekk genomet sitt sekvensert. Sekvenseringa fann meir enn 19 000 gen.

C. elegans har fem autosom og eitt kjønnskromosom (kromosom X).

Kjelder

Caenorhabditis Elegans: Oppbygging, Modellorganisme, Genom  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

Caenorhabditis Elegans OppbyggingCaenorhabditis Elegans ModellorganismeCaenorhabditis Elegans GenomCaenorhabditis Elegans KjelderCaenorhabditis ElegansFruktModellorganismeRundmakk

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

BoliviaFylkesveg 751Bohemian RhapsodyElectrolux AssistentZZ TopAbdusamet YigitRundeskattenAmerikakoffertLibanonThailandAfrikaSang til BergenKjøttmeisWikipediaStore norske leksikonSjøløverHTMLMagmatisk bergartKými-AlivériByar i HellasVerdas land etter folketalPeter BoszOdinKvitveisColtanA Whiter Shade of PaleABBARundeKinaJødedommenAlderspensjonTom HagenItaliaAitikgruvaZambiaNasjonalrettDübendorfSkotsk musikkEli Kari GjengedalMoskvaISO 8601Første maiLagerthaIngvild KjerkolEritreaKjerringa med stavenToscakakeØrsta kommuneVardø kommuneNordenInformasjonskapselMaria Kjos FonnOpphavsrettHlíðarfjallEkornØrnSurinamFlammepunkt.32 ACPMarillion2024Sentral-Kérkyra og dei diapontiske øyaneRaudstrupeErétriaFuglarNorrøntHVACFokídaTrondheim kommuneDet ukrainske alfabetetTorskKon-Tiki-ekspedisjonenElefantOlivettiFaggot🡆 More