Kutikula er eit fleksibelt, men ofte hardt organisk materiale.
Kutikula finst hos plantar og dyr, særleg hjå rundormar og leddyra, der det er del av det ytre skjelettet.
Hjå plantar er kutikula det voksaktige belegget som blir produsert av hudcellene til bladet.
Kutikula finst særleg hjå leddyr og rundormar, der det er del av det ytre skjelettet. Det ytre skjelettet er lagdelt og blir skifta ut når dyret veks. Kor mange hamskifte dyra går gjennom varierer mellom dei ulike organismane.
Kutikula finst fleire stader på menneske, og er «døde hudceller». Det finst i overhuda (epidermis), ved hårrota som vern av hårsekken og ved neglerota.
Kutikula ved neglerota blir kalla for negleband.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kutikula, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.