Hannkjønn eller hankjønn er kjønnet til ein organisme som lagar sperm og ikkje egg.
«Sperm» er definert som den minste og vanlegvis mest rørlege kjønnscella i heterogame artar, der den motsette kjønnscella blir laga av hokjønn.
Hannkjønn blir ofte uttrykt med symbolet ♂ (Unicode U+2642), ein sirkel med ei pil som peiker mot nordaust. Dette er ei stilisert framstilling av spydet og skjoldet til guden Mars.
Det finst ingen felles genetisk mekanisme for korleis individ får hannkjønn innan ulike artar, slik at utviklinga av to kjønn tydelegvis har skjedd fleire gonger uavhengig av kvarandre i ulike evolusjonsliner.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Hankjønn, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.