Djibouti (utt.
dʒibˈu:ti) er hovudstaden og den største byen i republikken Djibouti i Aust-Afrika. Han ligg på ei halvøy mellom Tadjourabukta og Adenbukta nær innlaupet til Raudehavet. Folketalet i byen er usikkert, men under folketeljinga i 2009 vart det målt til 475 322 innbyggjarar.
Djibouti | |||
by | |||
Land | Djibouti | ||
---|---|---|---|
Høgd | 0 m | ||
Type | Hovudstad | ||
Folketal | 475 322 (2009) | ||
Grunnlagd | 1888 | ||
Tidssone | UTC +3 | ||
Byen Djibouti 11°35′42″N 43°08′53″E / 11.595°N 43.148055555556°E | |||
| |||
Wiki Commons: Djibouti (city) | |||
Byen Djibouti vart grunnlagd i 1888, og vart i 1892 gjort til hovudstad i Fransk Somaliland i staden for Tadjoura. Mellom 1967 og 1977 var byen hovudstad i det franske Afar- og Issar-området før han vart hovudstad i republikken Djibouti i 1977.
Djibouti er ein viktig handelsby, og hamna har store anlegg for forsyningar og bunkring. Hamna vert også brukt til fiske og ferjeruter herifrå til Tadjoura og Obock. Det går også jarnbane frå byen til Addis Abeba i Etiopia, noko som er svært viktig for økonomien til byen. Den internasjonale lufthamna Ambouli ligg også i byen.
I Djibouti finst også eit akvarium, ein stor marknadsplass, nasjonalstadionet Stade du Ville, presidentpalasset i landet og Hamoudi-moskéen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Byen Djibouti, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.