Wiki Nynorsk 2023: Hovudside
NNWiki Tiếng ViệtWiki English

Burkina Faso

Nynorsk editions of Wiki, an online encyclopedia

Burkina Faso

(norsk: Burkina Faso, burkinsk)

Det burkinske flaggetDet burkinske riksvåpenet
FlaggRiksvåpen
Nasjonalsong«Une Seule Nuit»
MottoUnité, Progrès, Justice (Fransk for 'samhald, framsteg, rettferd')
Geografisk plassering av Burkina Faso
Offisielle språkFransk
HovudstadOuagadougou
Styresett
Einingsstat under ein militærjunta
Ibrahim Traore
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
274 200 km² (74.)
0,1 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Folketeljing (2003)
 – Tettleik
 
20 107 509 (59.)
13 228 460
73,3 /km² (115.)
Sjølvstende
frå Frankrike
5. august 1960
Nasjonaldag4. august
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
31 180 mill. USD (123.)
2 000 USD (175.)
ValutaCFA-franc
TidssoneUTC
Telefonkode+226
Toppnivådomene.bf


Burkina Faso er eit land i Vest-Afrika, med naboland på alle sider. Det grensar til Mali, Benin, Niger, Togo, Ghana og Elfenbeinskysten. Landet heitte frå og med kolonitida fram til 4. august 1984 Øvre Volta, då president Thomas Sankara omdøypte landet til Burkina Faso. Det tyder 'landet av rettskafne folk' på moré, fulfuldé og djula, dei tre viktigaste språka i landet.

Hovudstaden er Ouagadougou (uttalt wagadougou), på folkemunne kjent som «Ouaga» (wagá). Innbyggjarane i landet kallar seg burkinabé.

Geografi

 
Kart over Burkina Faso

Burkina Faso ligg i Vest-Afrika. Størstedelen av landet er bølgjande sletteland med isolerte åsar her og der, restar etter eit prekambrisk fjellmassiv. Berre ein liten del av landet er dyrkbart, og det meste av landskapet består av skogkledde sletter på eit 200–300 meter høgt grunnfjellsplatå med ei svak helling mot sør.

Tre elver renn gjennom landet. Dei vart tidlegare kalla Svarte, Kvite og Raude Volta, og var opphav til det tidlegare landsnamnet Øvre Volta. I dag heiter elvene Mouhoun, Nakambé og Nazinon. Berre Mouhoun og ei anna elv, Comoé, er vassførande året rundt. Vassmangel er eit vanleg problem, særleg nord i landet. Den nordlege delen av landet inngår i Sahel-beltet, og består stort sett av halvørken og tørr savanne. Det tropiske klimaet med den varme ørkenvinden framhever tørrleiken i terrenget.

I sørvest består landet av opptil 700 meter høge sandsteinsplatå som er avgrensa av den 150 meter høge brattkanten Falaise de Banfora i aust og søraust. Den høgaste toppen i landet, Ténakourou på 749 meter, ligg her.

Klima

Landet har eit typisk savanneklima med ei enkel regntid og ei lang tørketid, som er om lag det same klimaet som ein har i dei sørlege områda av nabolandet Mali. Klimaet er varmt året rundt, og varmen er mest ubehageleg frå mai til oktober då fukta og skydekket er størst. Under tørketida kan den nordaustlege harmattanvinden føre med seg støvete luft som set ned sikta. Ouagadougou har ein årleg nedbørsnormal på 895 mm.

Tørketida er som regel frå desember til februar i den sørlege delen av landet, og den årlege nedbørsmengda der ligg på omtrent 1200 mm.[1] Lenger mot nord varer tørketida frå november til april, og årsnedbøren er lågare enn i sør. Regntida varer som regel frå juni til september.

Historie

Området vart kolonisert av Frankrike i 1890-åra, då dei sigra over mossiane. Det vart fyrst administrert som ein del av Elfenbeinskysten, men i 1919 vart det utskilt som ein eigen koloni. Denne statusen vart fjerna seinare, men i 1947 vart det igjen ein egen koloni, med namnet Øvre Volta.

Landet vart sjølvstyrt i 1958, og heilt sjølvstendig i 1960. Det fyrste av fleire militærkupp fann stad i 1966. I 1978 fekk landet igjen sivilt styre, som varte til 1980. Då leia Saye Zerbo eit nytt militærkupp, og sat med makta til det neste kuppet i 1982. I 1983 leia kaptein Thomas Sankara eit nytt militærkupp der mellom anna Blaise Compaoré deltok. 15. oktober 1987 vart Sankara myrda i eit kupp leia av Blaise Compaoré.

I 1985 var landet i ein kortvarig krig med Mali. Burkina Faso utførte ei folketeljing, og enkelte flyktningleirar innanfor den maliske grensa vart besøkt av teljarane. Dette vart teke ille opp, og 25. desember 1985 braut det ut krig mellom dei to landa. Denne varte berre fem dagar, og kosta omkring 100 menneske livet; dei fleste var sivile som vart drepne då eit malisk fly bomba marknaden i Ouahigouya.

I oktober 2014 vart Blaise Compaoré avsett etter folkelege protestar. Ein ny militæroffiser, Yacouba Isaac Zida, tok over makta, men i november same året vart ein sivil førebels president innsett i staden, Michel Kafando. I september 2015 vart regjeringsmakta overteke av general Gilbert Diendéré i eit statskupp.[2] Men etter nokre dagar vart det klart at kuppet var mislukka og kuppmakarane gav opp.[3]

24. januar 2022 vart president Roch Kaboré avsett i et militærkupp. Oberstløytnant Paul-Henri Sandaogo Damiba vart leiar for Patriotic Movement for Safeguard and Restoration (MPSR), som inkluderte alle seksjonane av hæren.[4][5] 31. januar utnemnde den regjerande militære regjeringa kuppleiaren Paul-Henri Sandaogo Damiba til mellombels president.[6] 30. september 2022 vart Damiba avsett i eit nytt militærkupp.[7] Ein av kollegaene til Damiba, kaptein Ibrahim Traore, hadde uttrykt misnøye med juntaleiaren si handtering av det islamistiske jihadistopprøret i den nordlege delen av landet.[8] Etter folkelege demonstrasjonar meldte 2. oktober Damiba at han trekte seg for å hindra vidare konfrontasjonar, og Traore blei formelt ny president.[9]

Administrasjon

Provinsar

 
Provinsar i Burkina Faso

Burkina Faso er delt inn i 45 provinsar:

Balé, Bam, Banwa, Bazega, Bougouriba, Boulgou, Boulkiemde, Comoe, Ganzourgou, Gnagna, Gourma, Houet, Ioba, Kadiogo, Kenedougou, Komondjari, Kompienga, Kossi, Koulpelogo, Kouritenga, Kourweogo, Leraba, Loroum, Mouhoun, Namentenga, Nahouri, Nayala, Noumbiel, Oubritenga, Oudalan, Passore, Poni, Sanguie, Sanmatenga, Seno, Sissili, Soum, Sourou, Tapoa, Tuy, Yagha, Yatenga, Ziro, Zondoma, Zoundweogo

Økonomi

Hovudnæringa er husdyrhald. Det blir også dyrka hirse, ris, jordnøtter og bomull i landet. Burkina Faso er eit overbefolka og særs fattig land med få ressursar. Mange unge menn drar periodevis ut som gjestearbeidarar til kystlanda ved Guineabukta. Landet er ramma av tørke, og mottar betydeleg internasjonal hjelp, særleg frå Frankrike.

Kjelder

  1. «Burkina Faso – klima». Henta 19. mai 2013. 
  2. «Umsturz in Westafrika: Militär meldet Putsch in Burkina Faso», Spiegel Online, 17. september 2016.
  3. «Kuppleiar: – Kuppforsøket var ein stor tabbe», nrk.no, 23. september 2015.
  4. «Burkina Faso coup: Why soldiers have overthrown President Kaboré». BBC News. 25.01.2022. 
  5. Ndiaga, Thiam (25.01.2022). «Burkina Faso army deposes president in West Africa's latest coup». Reuters (på engelsk). 
  6. «Burkina Faso restores constitution, names coup leader president». www.aljazeera.com (på engelsk). 
  7. Nyheter, S. V. T. (30. september 2022). «Stängda gränser efter statskupp i Burkina Faso». SVT Nyheter (svensk). Henta 2. oktober 2022. 
  8. «Burkina Faso: Military officers remove President Damiba in a coup». www.aljazeera.com. 30. september 2022. 
  9. «Burkina Faso coup: Ousted military leader Damiba ‘resigns’», www.aljazeera.com (på engelsk), henta 5. oktober 2022 

Bakgrunnsstoff

  Commons har multimedium som gjeld: Burkina Faso

#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (Study in China) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.
This article uses material from the Wikipedia article Burkina Faso, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.