Birøkt eller bihald er det å halda honningbier som husdyr for å laga honning og bivoks, og til å pollinera avlingar.
Biene blir haldne i bikubar som kan vera flyttbare eller stå fast på bigardar. Røktinga går ut på å vedlikehalda kubane, henta ut voks og honning og ofte å hindra sverming der bidronninga og mange arbeidarar forlèt kuben. Birøktarar kan bruka verneutstyr som bihanskar og bieslør for å verna seg mot stikk frå biene.
Ein har drive med bihald sidan minst Det gamle Egypt, der det er funne ein referanse til ein «forseglar av honningen» frå Det første dynastiet. Ein papyrus frå 300-talet f.Kr. skildrar bikubar og korleis ein bør byggja dei - 'ikkje som eit kongeplass av stein, men som ei dynge.'
Ein større bigard frå rundt 900 f.Kr. er funnen i Rehov i dagens Israel. Tretti intakte kubar av strå og leire blei funne i ordna rekkjer på denne bronse- og jernalderstaden.
Aristoteles skildra detaljert bier og bihald i Det gamle Hellas. Birøkt er også nemnd av dei romerske forfattarane Vergil, Gaius Julius Hyginus, Varro og Columella.
Også i Kina har ein lenge drive med birøkt, og Fan Li frå Vår- og haustannaltida skreiv mellom anna om korleis ein kunne oppnå suksess i birøkt ved å ha trebikubar av god kvalitet.
I Mayariket i Amerika blei broddlause bier domestiserte og brukte til honningproduksjon i heimar. Biene blei kalla xunan kab (kongelege eller adelege kvinner), og ein dyrka ulike bigudar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Birøkt, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.