Jan Laurits Egeland (fødd 12.
september">12. september 1957 i Stavanger) er ein norsk organisasjonsmann og Arbeidarparti-politikar. Han er generalsekretær i Flyktninghjelpen. Egeland har arbeidd med menneskeretttar, konfliktløysing og naudhjelp. Han har vorevisegeneralsekretær i FN, direktør i Human Rights Watch Europe, statssekretær for Arbeidarpartiet, generalsekretær i Norges Røde Kors og direktør ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI). Han er professor II ved Universitetet i Stavanger. I 2007 gav han ut sjølvbiografien Det nytter.
Jan Egeland | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 12. september 1957 (66 år) Stavanger kommune |
Yrke | politikar, diplomat, menneskerettsaktivist |
Politisk parti | Arbeidarpartiet |
Far | Kjølv Egeland |
Ektefelle | Anne Kristin Sydnes |
Jan Egeland på Commons |
Egeland er kanskje best kjend for fredsarbeidet sitt og ei frittalande haldning i arbeid med humanitære katastrofar i krigsområde.
Jan Egeland tok cand.mag. i statsvitskap ved universitetet i Oslo i 1982 og magister-artium i 1985. Han byrja å arbeide for Raudekrossen som informasjonsleiar. Det var han frå 1988 til 1989, då han vart utanlandssjef. Denne jobben hadde han i eitt år.
Frå 1990 til 1992 var han politisk rådgjevar i Utanriksdepartementet, og frå 1992 til 1997 var han statssekretær i same departement.
I 1997 byrja han å arbeide for Raudekrossen i Noreg att, denne gongen som spesialrådgjevar, ein jobb han hadde fram til 1999. Han har også vore rågjevar for International Peace Research Institute, Inter-American Development Bank og Henry Dunant-senteret i Genève.
Egeland byrja å jobbe for SN i 1999, då han vart spesialrådgjevar for Colombia. Dette var han fram til 2001. Etter eit kort opphald hjå Raudekrossen att, som generalsekretær, byrja han som visegeneralsekretær i SN og leiar for den sentrale humanitære samordningseininga (OCHA). Denne jobben hadde han frå 2003 til 2006.
I 2007 vart han direktør for Norsk utanrikspolitisk institutt og spesialrådgjevar for generalsekretæren i SN.
Egeland var gift med tidlegare utviklingsminister Anne Kristin Sydnes, som døydde i 2017. Han har to døtrer.
I 2005 vart Egeland tildelt Peer Gynt-prisen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Jan Egeland, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.