Aythya er ei biologisk slekt med dukkender i andefamilien.
Aythya | |
Taffeland, Aythya ferina i Osaka, Japan Foto: Wikimediabrukar Laitche | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Anserimorphae |
Orden: | Andefuglar Anseriformes |
Overfamilie: | Anatoidea |
Familie: | Andefamilien Anatidae |
Underfamilie: | Anatinae |
Slekt: | Aythya Boie, 1822 |
Fuglane i denne slekta lever i ferskvatn eller i estuar, men nokre som til dømes bergand (Aythya marila) flytter over til marine miljø om vinteren. Dei skaffar seg føde først og fremst ved dukking. Dei er gode flygarar og har raskare vengeslag enn mange andre ender når dei slår med dei breie, butte vengene sine. Populasjonar som hekkar i nord er ofte flyttfuglar medan dei sørlege hekkeartane tenderer til å vere standfuglar. Australdukkand (Aythya australis) flyttar uregelbunden over lange strekk for å komme bort frå kraftig regnvêr. Artane i slekta rører seg klønete på land ettersom beina er plassert langt bak på kroppen, denne beinplasseringa gjer dei til gode symjarar.
Hybridisering, det vil si at ulike artar får avkom saman, førekjem blant dukkender. Det kan skje i eit område der den eine arten er langt meir uvanleg enn den andre arten. Eit døme er avkom frå bergand og toppand.
Aythya i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Aythya, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.