Alan Stivell

Alan Stivell (fødd Alan Cochevelou, 6.

januar">6. januar 1944) er ein bretonsk musikar og songar, plateartist og meister på keltisk harpe. Frå tidleg på 1970-talet fornya Stivell ei global interesse i keltisk (særleg bretonsk) harpe og keltisk musikk som ein del av verdsmusikken.

Alan Stivell
Alan Stivell
Fødd6. januar 1944 (80 år)
FødestadRiom i Auvergne
FødenamnAlan Cochevelou
OpphavFrankrike
Aktiv1959 til i dag
SjangerKeltisk rock
InstrumentBretonsk harpe, vokal
Stemmetypebaryton
PlateselskapFontana, Keltia 3, Mouez Breiz, Universal Music France, Philips Records, Disques Dreyfus, World Village, Harmonia Mundi, Play It Again Sam, Sony Music, Disc'AZ, Warner Music Group, Coop Breizh
Verka somsongar-låtskrivar, dirigent, harpist, songar, aktivist, musikar, musikkprodusent, arrangør, komponist, låtskrivar, multiinstrumentalist, plateartist
MorFanny Julienne Dobroushkess
FarGeorges Cochevelou
Prisarkommandør av Ordre des Arts et des Lettres, Order of the Ermine, Imram Prize, Premio Tenco

Tidlege år

Stivell vart fødd i Auvergne i byen Riom. Far hans klarte å gjenskape den bretonske harpa i den vesle byen Gourin i Bretagne. I 1953 byrja Alan å spele instrumentet, ni år gamma, og gjekk i lære hos faren og Denise Megevand, som var ein konsertharpist. Han fekk òg opplæring i keltisk mytologi, kunst og historie, samt bretonsk språk, tradisjonell bretonsk dans og skotsk sekkepipe og bombarde, eit tradisjonelt bretonsk instrument. Elleve år gammal byrja han å halde konsertar og studere tradisjonell bretonsk, engelsk, irsk, skotsk og walisisk folkemusikk, i tillegg til at han lærte seg tromme, irsk fløyte og tinnfløyte. Han deltok i og vann fleire bretonske konkurransar innan tradisjonell musikk. Alan voks opp i Paris og fekk impulsar frå Frankrike, Algerie, Marokko og andre stader. Men det var bretonsk musikk som låg han nærast og keltisk kultur generelt, og han reiste ofte attende til Bretagne.

Den første innspelinga til Stivell kom i 1960 («Musique gaelique»), ein singel som vart følgd opp med albumet Telenn Geltiek i 1964. Scenenamnet hans, «Stivell», tyder «fontene» eller «kjelde» på bretonsk. Namnet viser til fornyinga av bretonsk og til etternamnet hans «Cochevelou» (ei utvikling av kozh stivelloù, «dei gamle fontenene»).

Stivell og den keltiske harpa

Med ei ny bardisk harpe med bronsestrengar, byrja Stivell å eksperimentere med moderne musikkstilar kjend som keltisk rock. I 1966 byrja Alan Stivell i tillegg å synge. Året etter fekk han platekontrakt med Philips (Universal). I 1968, etter to år med turnering og regelmessige konsertar på American Students and Artists Center i Paris, spelte Alan med Moody Blues i Queen Elizabeth Hall i London.

I 1970 gav han ut den første hitsingelen, «Broceliande», og albumet Reflets, begge på Philips. Han vart nært knytt til den bretonske musikken, særleg etter at han gav ut det instrumentale albumet Renaissance of the Celtic Harp i 1971. Med dette albumet vann han ein av dei største musikkprisane i Frankrike, Académie Charles Cros.

Musikkritikaren Bruce Elder skreiv om albumet Renaissance of the Celtic Harp: «Folk som høyrer dette albumet vert aldri dei same igjen. Renaissance of the Celtic Harp, ei av dei vakraste og mest ugløymelege platene som nokon gong er laga, introduserte keltisk harpe til mange tusen lyttarar over heile verda. Å kalle denne musikken storarta og henrivande ville vore tidenes undervurdering- det finst faktisk ikkje ord som kan skildre dette albumet godt nok. Opningsverket, 'Ys', er eit stykke inspirert av segna frå hovudstaden i kongedømet Cornwall på 400-talet, [dei fleste versjonar av segna plasserer byen i Douarnenez-bukta på kysten av Bretagne] som vart råka av ein flaum på grunn av syndene deira. (Debussy skreiv eit av dei finaste verka sine «La cathédrale engloutie», seinare tilpassa av gruppa Renaissance til «The Harbor» på Ashes Are Burning, basert på same segna). Den tankevekkjande «Marv Pontkellec» er minst like vakker, men høgdepunktet på plata er «Gaeltacht», ei 19 minuttar lang musikalsk reise med harpa til Stivell gjennom dei gæliske landa Irland, Skottland og Isle of Man

I februar 1971 spelte Stivell ein konsert i Olympia teater, den mest kjende musikkhallen i Paris, der han spelte musikk som blanda tradisjonell keltisk musikk med moderne lydar (elektrisk gitar, trommer, etc.). Konserten gjorde Stivell og musikken hans kjend gjennom Frankrike. På denne tida var dette noko heilt nytt og risikabelt, men vart raskt populært, og over 1,5 millionar eksemplar av konsertopptaket vart seld (A l'Olympia). Alan Stivell kunne no reise på turne gjennom Frankrike, Canada, Storbritannia og USA. Han spelte inn fleire plater og publiserte ei samling med bretonsk poesi i 1976. Med Symphonie Celtique i 1980 blanda han første gong element av rock, eit symfoniorkester, keltiske instrument og ikkje-europeiske etniske element som berbervokalisten Djourha og sitarist Narendra Bataju.

Folkemusikken forsvann noko i 1980-åra, og sjølv om Alan Stivell framleis var populær, nådde han ikkje dei same høgdene som i 1970-åra. Han turnerte framleis mykje omkring i verda, og arbeidde òg med den engelske songaren Kate Bush.

Keltisk musikk og verdsmusikk

I 1990-åra spelte Stivell med den franske songaren Laurent Voulzy, den irske folkemusikaren Shane MacGowan og den senegalesiske songaren Doudou N'Diaye Rose. Albumet vart Again, og vart særs populært i Frankrike. Det vart starten på ei ny bølgje med keltisk musikk. Platene til Stivell frå seint i 1990-åra hadde meir tydelege element av rock, og han spelte på rockefestivalen Transmusicales i Rennes. Han spelte framleis med mange forskjellige musikarar, som Paddy Moloney (frå The Chieftains), Jim Kerr (frå Simple Minds), Khaled og Youssou N'Dour på albumet 1 Douar / 1 Earth album.

Ein franskspråkleg hit frå 1990, «La Tribu de Dana» av raptrioen Manau er ein av dei mestseljande franske singlane gjennom tidene, og har ein melodi som er særs lik Stivell sin «Tri Martolod». Sjølv om Stivell saksøkte Manau for brot på opphavsretten, hevda gruppa at dei hadde endra originalen til at det ikkje var plagiat.

Diskografi

Studioalbum

  • Telenn Geltiek / Harpe celtique (1964)
  • Reflets / Reflections (1970)
  • Renaissance of the Celtic Harp (1971)
  • Chemins de Terre / From Celtic Roots / Celtic Rock (1973)
  • E Langonned (1974)
  • Trema'n inis / Vers l'Île (1976)
  • Raok Dilestra / Avant d'accoster / Before Landing (1977)
  • Un dewezh 'barzh 'gêr / Journée à la maison / A Homecoming (1978)
  • Symphonie Celtique - Tir Na N-Og / Celtic Symfoni (1979)
  • Terre des vivants / Bed an dud vew (1981)
  • Legend / Légende / Mojenn (1983)
  • Harpes Of The New Age / Harpes du Nouvel Âge / Telenn a' Skuilh-dour (1985)
  • The Mist Of Avalon (1991)
  • Again (1993)
  • Brian Boru (1995)
  • 1 Douar / 1 Earth (1998)
  • Back To Breizh (1999)
  • Au-delà des mots / Beyond Words (2002)
  • Explore (2006)
  • Emerald (2009)
  • AMzer (2015)

Konsertalbum

  • À L'Olympia (1972)
  • E Dulenn (1975)
  • International tour - Tro ar Bed (1979)
  • Bretagnes à Bercy (1999)
  • Nuit Celtique II au Stade de France (2003)
  • 40th Anniversary Olympia 2012 (2013)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Alan Stivell Tidlege årAlan Stivell Stivell og den keltiske harpaAlan Stivell Keltisk musikk og verdsmusikkAlan Stivell DiskografiAlan Stivell KjelderAlan Stivell BakgrunnsstoffAlan Stivell19446. januarBretagneHarpeKeltararKeltisk musikkVerdsmusikk

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Jaran DammannSaltPikoRomandieRingdrottenFemtiøringBiologisk ordenØASilkeormTreeiningaEgyptSkytjeTveitaFørste maiPink FloydKjerringa med stavenTsjasiv JarJohann Sebastian BachKattugleAntisemittisme2002MakrakómiSteinPlaneten NeptunRussisk litteraturInternasjonal politikkBook of KellsKjærleikROBEKTrettiårskrigenElon MuskCullinan-diamantenMikroCristiano RonaldoSpice GirlsØresundbruaKnut Jørgen Røed ØdegaardSad i OmanKristopher SchauCornelis VreeswijkAliártosMartha SkrettebergJohnny DeppSylvi ListhaugPN-overgangJohannes KlæboAftonbladetFylkesveg 751Youngs modulH.C. AndersenHenrik II av EnglandLinn UllmannHydrogenFilmserien Harry PotterMauser-rifle M98Rolf WiderøeÅmot i ModumRamaskrikTorinoChancyDet norske alfabetetCarles PuigdemontHeerenveenAgurkKirkeristenSlåttevikNederlandFrankrikeKristin SkogheimOrrfuglOrkhomenósProsaAnime🡆 More