Elektrisk Folk

Elektrisk folk eller electric folk er ein type folkrock utvikla i England sist i 1960-åra og i 1970-åra.

Stilen blei så teken opp og utvikla innan keltisk musikk frå ulike land. Han har også gjeve opphav til folk-punk. Musikkstilen blei mindre populær i 1980-åra, men har overlevd og ført til nye stilar og til ei viss grad smelta saman med stilane han utvikla seg frå, rock og folk.

Elektisk folk la vekt på bruk av moderne instrument til å framføra gamle folkeviser. Innan det som til då var blitt kalla folkrock hadde ein hovudsakleg framført sjølvskrivne viser med moderne instrument, slik som Bob Dylan og Byrds. Elektriske folk-grupper tok i bruk særleg engelske tradisjonelle songar, men skreiv også eigne songar inspirerte av desse.

Viktige musikkgrupper innan elektrisk folk var Fairport Convention, Fotheringay, Pentangle og Steeleye Span i England, medan bretonske Alan Stivell utvikla stilen i Frankrike. I Irland tok grupper som Horslips og Sweeney's Men utgangspunkt i irsk folkemusikk og skapte sin eigen versjon av elektrisk folk. Saman med grupper som skotske Runrig førte dei elektrisk folk vidare til ein eigen keltisk rock. Grupper som Led Zeppelin og Jethro Tull blir ikkje vanlegvis rekna til elektrisk folk-rørsla, men blei tydelege inspirerte av stilen.

Kjelder

Elektrisk Folk  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

EnglandFolkrockKeltisk musikk

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Det norske flaggetMarokkoOrrfuglVietnamVoss heradMarte GerhardsenJerpeEuropiumNynorskIKEABondelungeArgentinaDet buddhistiske livshjuletFemtiøringVassendgutaneEtanolRasofiel RiseJal i OmanISBNCarl LarssonFrey IIHaillLinn UllmannPer PaustHøgaste fjell i Noreg etter primærfaktorSolgangsbrisÅmot i ModumSamisk språkhistorieSunnmøreSolan GundersenQawahTommy RobinsonJonsereds Fabrikers ABViotíaixjohMaiJeff KinneyNorsk folkedansDet polske flaggetLimequatGeologiHalloFreie Demokratische ParteiSoria Moria kinoLars SponheimDesta Marie BeederLeikanger kommuneHenrik WergelandJordbruksrevolusjonenMette-Marit av NoregFilmserien Harry PotterCullinan-diamantenLundefuglInternettBrunSkytjeGrand CanyonGnuInófytaNasjonaldraktHarald EiaStolt henrikVenke KnutsonJa, vi elsker dette landetInnsjøar i SverigeKvartsAfrikaBelarusJolene av Dolly PartonE85EtterretningsbataljonenMerlion330 skvadronHøgnorskJenny KlingeÅSosialdemokrati🡆 More