Newport Folk Festival er ein årleg amerikansk musikkfestival med hovudsakleg visesong og folkemusikk som vert arrangert i Newport i Rhode Island.
Han vart gjennomført første gong i 1959. Fleire viktige hendingar i historia til populærmusikken har skjedd på denne festivalen, blant anna då Bob Dylan spelte elektrisk i 1965.
Newport Folk Festival vart starta i 1959 av Theodore Bikel, Oscar Brand, Pete Seeger og George Wein, grunnleggjar av han allereie godt etablerte Newport Jazz Festival, og partnaren hans, Albert Grossman.
Festivalen er kjend for å ha introdusert utøvarar som seinare vart betydelege stjerner, særleg Joan Baez, som opptredde som uanmeldt gjest for Bob Gibson i 1959, og Bob Dylan (som hadde Grossman som manager) som for første gong opptredde på Newport i 1963 og som er generelt anerkjend som den første nasjonale framferda hans. Dylan vart den musikaren som er mest kjend (eller berykta) for tilknytinga si til festivalen. I 1963 og 1964 vart Dylan forbunde med Joan Baez (som sjølv hadde vore ein av dei første som vart oppdaga på den første festivalen i Newport i selskap med Chicago-musikaren Bob Gibson).
Festivalen har fokus på folkemusikk i ein vid og laus forstand. Festivalen var assosiert med den nye interessa på 1960-talet for blues der musikarar som hadde vore «tapt» sidan 1940-talet (jfr. deltablues) vart «gjenoppdaga».
Konsertane har vore ei rik kjelde for opptak. Murray Lerner regisserte ein film frå festivalen som vart gjeven ut i 1967, basert på framsyningar frå åra 1963-1965, i dag tilgjengeleg på DVD.
Newport Folk Festival fekk vanskelegare tider på slutten av 1960-talet, og måtte òg halda stengt i fleire år, men byrja på nytt i 1971. Musikkfestivalen fekk ei fornying og ein ny vår i 1985 og har sidan vorte ein av det viktigaste musikkfestivalane for hovudsakleg akustisk og folkemusikk i USA ved sida av Philadelphia Folk Festival som byrja i 1960.
Festivalen har vorte gjennomført utan avbrot sidan 1985, om enn i ei anna form enn i stordomstida på 1960-talet. Frå å baserast utan profitt har han vorte profittbasert, og publikum har minska frå 20 000 til 10 000 og kveldskonsertane har vorte avlyst. I tillegg har det kome inn kommersielle sponsorar som Ben & Jerry's og Dunkin' Donuts. Festivalen i 2007 hadde musikarar som Linda Ronstadt som var hovudattraksjon på fredagskvelden i tillegg til andre velkjende musikarar som Allman Brothers Band, Emmylou Harris, Alejandro Escovedo, Cheryl Wheeler, Hazel Dickens og Ralph Stanley.
I 1998 kom ein samansetjing med mange musikarar, berre laust knytte til folkemusikk, som har turnert i USA under tilnamnet «Newport Folk Festival Tour». Dei spelte på nettverket for ordinære amfiteatra utandørs.
Den første gruppa omfatta musikarar som Lyle Lovett, Nanci Griffith, Alison Krauss, John Hiatt, Newport-veteranen Joan Baez, Wilco, Suzanne Vega, Loudon Wainwright III, Lucinda Williams, og Jimmie Dale Gilmore.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Newport Folk Festival, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.