She Moved Through The Fair

«She Moved Through the Fair» (eller «She Moves Through the Fair») er ei tradisjonell irsk folkevise, som finst i mange versjonar og er innspelt mange gonger.

Opphav

Songen vart først nedskriven i Donegal av diktaren Padraic Colum og musikkforskaren Herbert Hughes, og publisert av Boosey & Hawkes i London i eit verk kalla Irish Country Songs i 1909. Melodien er ein mixolydisk modus. Teksten vart òg publisert i boka til Colum frå 1922, Wild earth: and other poems.

Ein lengre variant av songen vert kalla «Our Wedding Day». Ein tilknytt song, «Out of the Window», vart innhenta av Sam Henry frå Eddie Butcher frå Magilligan på Nord-Irland, kring 1930, og publisert i Henry si Songs of the People. Ein annan song «I Once Had a True Love», ser òg ut til å ha eit samband, og deler noko av teksten med «She Moved Through the Fair».

Den tradisjonelle songaren Paddy Tunney lærte songen i County Fermanagh og spelte han inn i 1965. Andre songar som song han på 50- og 60-talet var Dominic Behan og Anne Briggs. Han var populær hos irske reisande i Irland på denne tida.

Fairport Convention spelte inn songen i 1968 og nytta ein stil som var påverka av den omreisande songaren Margaret Barry, sjølv om ho hadde lært han frå ei plateinnspeling av grev John McCormack. Ei anna kjend innspeling av songen vart gjort av Alan Stivell i 1973.

Teksten

Ein versjon av teksten går som følgjer:

    My young love said to me,
    My mother won't mind
    And my father won't slight you
    For your lack of kind.
    And she laid her hand on me
    And this she did say:
    It will not be long, love,
    Till our wedding day.
    As she stepped away from me
    And she moved through the fair
    And fondly I watched her
    Move here and move there.
    And then she turned homeward,
    With one star awake,
    Like the swan in the evening
    Moves over the lake.
    The people were saying,
    No two e'er were wed
    But one had a sorrow
    That never was said.
    And I smiled as she passed
    With her goods and her gear,
    And that was the last
    That I saw of my dear.
    Last night she came to me,
    My dead love came in.
    So softly she came
    That her feet made no din.
    As she laid her hand on me,
    And this she did say:
    It will not be long, love,
    'Til our wedding day.

Innspelingar

I nyare tid, etter utgåva til Fairport Convention i 60-åra, har hundrevis av artistar spelt inn songen i den tradisjonelle forma. Dei fleste av dei har halde seg til den tradisjonelle teksten. Enkelte kvinnelge artistar har derimot endra kjønnet i songen til «He Moved Through the Fair», mellom andre Sinéad O'Connor, Trees og Nana Mouskouri.

  • Davey Graham gjorde ein versjon i 1962.
  • Anne Briggs song songen utan akkompagnement i 1963.
  • Odetta spelte inn songen på albumet One Grain of Sand i 1963.
  • John Martyn si utgåve finst på debutalbumet London Conversation frå 1967.
  • Alfred Deller spelte ein versjon med Desmond Dupre for albumet Folksongs
  • Alan Stivell si utgåve frå 1972, på engelsk, er òg særs nær den originale songen.
  • Loreena McKennitt på albumet Elemental frå 1985.
  • Eyeless in Gaza med ein a capella-versjon på albumet Back from the Rains.
  • All About Eve har ein versjon på debutalbumet frå 1988.
  • I 1988 spelte Van Morrison og the Chieftains ein versjon i lag for albumet Irish Heartbeat.
  • I 1989 spelte Simple Minds inn ein song kalla «Belfast Child» som nådde toppen på den britiske singellista. Melodien i songen er bygd på «She Moved Through the Fair», men har ein heilt annan tekst. Songen finst på albumet Street Fighting Years.
  • Marianne Faithfull har ein versjon frå 1990 på albumet Blazing Away.
  • I 1991 vart han spelt inn av Feargal Sharkey.
  • Máire Brennan gav ut songen som B-side på singelen «Against the Wind».
  • Sinéad O'Connor spelte songen i lag med The Chieftains på albumet The Long Black Veil i 1995.
  • Boyzone spelte songen på A Different Beat i 1996.
  • Mike Oldfield spelte songen på Voyager i 1996.
  • For den irske musikalen Lord of the Dance, som starta i 1996, inneheld musikken ein versjon av songen sungen av Anne Buckley.
  • Bert Jansch spelte inn songen for Toy Balloon i 1998.
  • Sarah Brightman spelte songen (som «He Moved Through the Fair») i 1998 som B-side til «Eden».
  • Alan Hacker og Tony Coe spelte songen som «One Star Awake» på Sun moon and stars i 1998.
  • Charlie Zahm spelte songen på The Celtic Balladeer i 1999.
  • Charlotte Church spelte songen i 2000 på albumet Charlotte Church.
  • Sissel Kyrkjebø og The Chieftains spelte songen live på Ole Blues Music Festival i Bergen den 29. april 2001 som ein kan høyre på archive.org.
  • Anthony Kearns spelte inn songen for recorded it on the 2002 album The Very Best of the Irish Tenors frå 2002
  • Wayne Shorter spelte ein instrumental versjon i 2003 på Alegría.
  • Celtic Woman spelte songen i 2004 på albumet med same namn.
  • Enter the Haggis spelte songen i 2005 på Casualties of Retail.
  • Hayley Westenra spelte songen i 2005 på albumet Odyssey.
  • Michael Londra spelte songen i 2006 på albumet Celt.
  • Den tyske teknogruppa Scooter sampla songen på sporet «Ratty's Revenge» på albumet The Ultimate Aural Orgasm i 2007.
  • Cara Dillon spelte songen i 2009 på Hill of Thieves.
  • Nyle Wolfe spelte ein versjon av songen i 2009 på Home Ground.
  • Camilla Kerslake spelte songen på hennar sjølvkalla debutalbum.
  • Culann's Hounds spelte songen i lag med Sara Gardner på albumet One for the Road.
  • Rolf Harris spelte inn songen i lag med Kate Bush i 2009, men denne er ikkje gjeven ut enno.

Kjelder

Tags:

She Moved Through The Fair OpphavShe Moved Through The Fair TekstenShe Moved Through The Fair InnspelingarShe Moved Through The Fair KjelderShe Moved Through The FairFolkeviseIrland

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

BietarHerr Jesu Christ, wahr' Mensch und GottTegan and SaraFever av Little Willie JohnAkarnanikóFriggGulRokadeAlfred MaurstadShrekØresundbruaVM i alpine greiner 2019HumleTuonelaGraham NashJohn P. HammondEkvipasjePeter F. WolfAndreas WidhölzlKjerringFilmserien Harry PotterProud MaryPave Johannes Paul ILol CremeHansjörg JäkleMogopFagorganisasjonSteve PorcaroWikimediaSudanSumatraAmursvaleGitarforsterkarSuzanneTerje FormoeIrakTilsynelatande storleiksklasseBorgarskapEritrea2024Deep PurpleOxfamRSSEino KirjonenElg i solnedgangBrasíliaIca-regionenGullUnionsoppløysinga i 1905OnaniDet norske flaggetGotlandSkjør astmaRubina RanaMediaWikiLagnadTenaza PeakTechtronic IndustriesEstlandEndetarmFredrik SkavlanFalunSamisk historieWoodfjordenSlapsRob DruppersLogogramMidsommarJonas LieROBEKLarge Binocular TelescopePunktskrift🡆 More