Cornwall

Cornwall (kornisk Kernow) er eit grevskap i England i Storbritannia, som utgjer den sørvestlege halvøya i landet.

Det grensar i nord og vest til Atlanterhavet, i sør til Den engelske kanalen og i aust til Devon ved elva Tamar. Saman med Isles of Scilly har Cornwall litt over ein halv million innbyggjarar. Administrasjonssbyen i grevskapet er Truro.

Cornwall
Cornwall
Motto: Onen hag oll (kornisk)
Ein og alle
Cornwall
Geografi
Status Seremonielt grevskap og einskaplege styresmakter
OpphavHistorisk
Region Sørvest-England
Areal 3 563 km²
Demografi
Folketal
- Totalt (2008)
- Folketettleik

534 300
150 /km²
Etnisitet 99,0 % kvite
1 % andre
Distrikt

Cornwall Council (einskapleg)
Isles of Scilly (sui generis einskapleg)

Området vart fyrst busett i steinalderen og det har halde seg folk her framover til keltarane i jernalderen. Det er få spor etter romarane vest for Exeter, så det er ikkje gjort mange funn etter dei i Cornwall. Cornwall vart seinare ein del av det keltiske området Dumnonia, som vart fråskild Wales etter slaget ved Deorham. Dei var ofte i strid med det engelske kongedømet Wessex før kong Athelstan i 936 sette grensa mellom engelskmennene og det korniske folket ved Tamar. I dag kjempar Cornwall med økonomiske nedgangstider på grunn av nedgang i gruvedrift og fiske, og har i større grad vorte avhengig av turisme. Området er kjent for lyngheilandskapet, den lange og varierte kystlina, og det milde klimaet.

Cornwall vert rekna som ein av «dei keltisk nasjonane» av mange folk frå Cornwall. Cornwall har ein særeigen kulturell identitet, skapt av historia og moderne bruk av det tidlegare utdøydde korniske språket. Somme folk i Cornwall ynskjer større sjølvstyre i Storbritannia.

Historie

Cornwall 
Mên-an-Tol.

Cornwall har vore busett sidan slutten av den siste istida. Området var busett av keltarar, og det keltiske språket deira utvikla seg med åra til kornisk. Cornwall vart fyrst nemnt av den sicilianske greske historikaren Diodorus Siculus (ca. 90 fvt.-ca. 30 fvt.), som nemner at handelsmenn vitja området. Kven desse var er ukjent, men det finst teoriar om at dei kan ha vore fønikarar.. Etter ein periode under Romarriket, kom området tilbake til dei sjølvstendige keltiske hovdingane.

På 700-talet kom Cornwall i strid med det veksande kongedømet Wessex, men ein veit lite om Wessex utøvde noko kontroll over Cornwall i denne tida.. Rundt 880 hadde anglosaksarane frå Wessex klart å få fotfeste i dei austlege delane av Cornwall.

Cornwall 
Cornwall er kjend for den kuperte kystlinja og strendene her

Etter at normannarane tok England vart det meste av Cornwall overført til det nye bretonsk-normanniske aristokratiet, særleg Robert av Mortain, halvbror til kong Vilhelm og den største landeigaren i England etter kongen.

Etter kvart vart dei normanniske landeigarane bytt med ein ny kornisk-normannisk elite. Desse familiane vart dei nye herskarane over Cornwall og mange vart involverte i Stannary-parlamentet, jarledøma og til slutt hertugdøma.

Bakgrunnsstoff

Kjelder


50°18′N 4°54′W / 50.3°N 4.9°W / 50.3; -4.9

Tags:

AtlanterhavetDen engelske kanalenDevonEnglandIsles of ScillyKornisk språkMetropolitansk og ikkje-metropolitansk grevskap i EnglandStorbritanniaTruro

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

LemmingCarles PuigdemontBjørnAn-MagrittByar i NederlandHønsehaukNorheimsundSauJordskorpeplateHybridhønsSkarverennetKerkíni i SérresMargrethe II av Danmark«Tirpitz» i ÅsenfjordenMount EverestAlbert EinsteinBook of KellsHypernovaArne DokkenUruguayNyrealisme i litteraturenKilometerMoskvaGoogleIndre AgderLangemannStilarkVerdsdelUbehaget i kulturenLagerthaTsjasiv JarFleetwood MacBlue MoonHaram kommuneAmfípoliJordaMexicoÅlesundMuttenRekonvalesensKjerringTrepunktsopphengFargespekterRussisk matInvesteringLuganoManchester CitySunnmøreHenrik WergelandPeriferieininga SérresIslamAl-KhwarizmiStavanger kommuneVendlandAtenFilmserien Harry PotterMyndig alder27-årsklubbenTemperatur17. aprilKlitorisBritiske monarkarHellasBuddhistiske høgtiderNordmannenSøppelDekarLovAnne RimmenJan-Olav IngvaldsenMusikkHalsnøybåtenArna🡆 More