Adposisjon

Adposisjon er samleomgrepet for preposisjonar og postposisjonar, skilnaden dei i mellom er at preposisjonar står føre styringa si, mens postposisjonar står etter ho, som den finske preposisjonen ilman 'utan' i ilman kirjaa 'utan bok' og den nordsamiske haga (som også tyder 'utan') i girjji haga 'utan bok'.

Adposisjonane sin syntaks

Adposisjonar tar nominalfrasar som styring, og resultatet er ein adposisjonsfrase som fungerer som adverbial, dvs. som ein frase som ikkje treng vere del av verbet sin valens. Ein kan altså seie både Eg søv, Eg søv ofte og Eg søv i senga, der adverbialet ofte og preposisjonsfrasen i senga ikkje er valensbunde ledd. Visse adposisjonsfrasar kan likevel vere valensbunde.

Adposisjonar og språktypologi

Språk med berre postposisjonar deler ofte mange andre trekk, til dømes har dei ein tendens til å vere SOV-språk, logisk nok, sidan både verbet og adposisjonen dermed tar høvesvis objektet sitt og styringa si til venstre. At språk med berre preposisjonar og språk med både pre- og postposisjonar ikkje utgjer ei like homogen gruppe, typologisk sett, er framleis eit stort mysterium.

Sirkumposisjonar

I tillegg til preposisjonar og postposisjonar er det òg mogleg å rekne med sirkumposisjonar, td for … sidan, som i for tre år sidan, der styringa er omgjeven av adposisjonen: [ for [ tre år ] sidan ].

Kjelder

Tags:

Adposisjon ane sin syntaksAdposisjon ar og språktypologiAdposisjon SirkumposisjonarAdposisjon KjelderAdposisjonFinskNordsamiskPostposisjonPreposisjon

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Zinédine ZidaneGrunnstoffliste etter atomnummerMatrjosjkaGudvangatunnelenSør-Trøndelag fylkeOmanWikipediaGrevinnen og hovmesterenInnsjøar i SverigeRingdrottenRasofiel RiseItaliensk salatBulgariaGoogleRombeHarald EiaSlumdog MillionaireHans M. BorchgrevinkIsraelKim HaugenFærøyaneInfleksjonspunktSoria Moria kinoHar SedomMøre og Romsdal fylkeMaiken Caspersen FallaAusterrikeAdolf HitlerMolde kommuneCubaGenèveFylkesveg 62Leikanger kommuneKnapstadROBEKApeWalesBrennverdiDan Børge AkerøNasjonaldyrSothøneE85Nynorsk Wikipediazrbt6Terje StrømdahlAndre verdskrigenHeradHege TunaalFagorganisasjonJolene av Dolly PartonRøyslandStilarkHøgnorskAmazonaselvaEddadiktBedehuset Bethel på JudabergHøgaste fjella i RanaHarrInternasjonal politikkFredrik SolvangSamisk kulturSkhimatáriDesta Marie BeederSirkelJim MorrisonAleksander I av RusslandKrøllparentesSlåttevikTsjasiv JarRagnhild BrochmannEmma EllingsenKapitalismeGeometri🡆 More