Tyfoidfeber (latin Febris typhoidea) er den mest alvorlege av salmonellainfeksjonane, og han artar seg som ei kraftig blodforgifting.
Sjukdommen skuldast ein spesiell salmonellabakterie, Salmonella typhi, som vert overført gjennom forureina mat og drikke. Han byrjar for det meste med vedvarande, høg feber, og seinare kan ein få kraftig diaré. Infeksjonen kan vere livstrugande viss han ikkje vert behandla med antibiotika. Han er hyppigast i Asia og Afrika.
Under den andre verdskrigen kunne ein også finne han i Europa, mellom anna i dei nazityske konsentrasjonsleirane og dei russiske Gulag-leirane.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tyfoidfeber, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.