Torolv Solheim (7.
november">7. november 1907–23. mai 1995) i Oslo) var ein norsk lektor, historikar, forfattar, sosialøkonom og polikar. Han var sentral i Sosialistisk Folkeparti, blant anna som formann frå 1969 til 1971.
Torolv Solheim | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 7. november 1907 |
Død | |
Yrke | politikar |
Politisk parti | Norges Kommunistiske Parti, Arbeidarpartiet, Sosialistisk Folkeparti |
Ektefelle | Rønnaug Eliassen |
Torolv Solheim var elev ved Firda gymnas (1929), tok statsøkonomisk eksamen ved Universitetet i Oslo (1933) og aktuareksamen (1939).
I lag med Viggo Hansteen og Jacob Friis tok han initiativ til Kommunistisk Studentergruppe (1932), og var redaktør for tidsskriftet til gruppa "Kringsjå", frå 1938 til 1939. Han var i NKP (1940-45), men etter usemje med Peder Furubotn gjekk han over til DNA (1945-52). På 1950-talet var Solheim i opposisjon til DNA sin utan- og innanrikspolitikk; han meinte DNA vart servil i høve til USA og mccarthyismen. Etter skipinga av Sosialistisk Folkeparti var han formann i fylkeslaget i Telemark, og representerte partiet i bystyret i Porsgrunn frå 1963 til 1971. På splittingslandsmøtet i 1969 vart han partiformann til Finn Gustavsen overtok i 1971. Solheim fylgde med inn i Sosialistisk Venstreparti i 1974, men melde seg ut i 1985.
Torolv Solheims var i 1942 med på å starte den illegale avisa "Alt for Norge«. Vinteren 1943-44 heldt han til på NKP si sentralforlegning i Valdres, og der skreiv han artiklar til dei illegale avisene åt partiet. Etter usemje med leiaren i NKP, Peder Furubotn, drog han på ettervinteren 1944 attende til Vestlandet der han vart ein av dei leiande i »Vestlandske Frihetsråd« - det eneste regionale fridomsrådet med suksess. Han redigerte då òg avisa »Gjallarhorn".
Frå 1949 til 1952 var Torolv Solheim direktør for Fiskarlaget verft AS Stongjordanlegget. Han dreiv så ein periode sagbruk i Sønderled ved Risør før han i 1959 vart lektor, fyrst i Breivik, seinare ved Porsgrunn gymnas, der han underviste fram til 1974.
Torolv Solheim var redaktør for fleire tidsskrift, men det mest sentrale var «Fossegrimen» som han starta i 1954 og dreiv for eiga hand fram til han la ned bladet i 1968. Fossegrimen var bygd på målpolitisk, sosialistisk og nasjona grunn. Det stod i opposisjon til politikken åt DNA, ikkje minst i utanrikspolitikken, men òg til leiande krinsar mellom venstresosialistar i Oslo. Bladet var viktig ved å gje plass til artiklar av til dømes Georg Johannesen, Dag Seierstad, Per Mauseth, Kjell Cordtsen og Dag Halvorsen. Også skjønnlitterære forfattarar som Olav H. Hauge, Axel Jensen, Einar Økland og Tor Obrestad nytta tidsskriftet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Torolv Solheim, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.