Zugspitze

Zugspitze er det høgaste fjellet i Tyskland, og ligg på grensa til Austerrike i distriktet Garmisch-Partenkirchen i Bayern.

Det går ein tannhjulsbane (Zugspitzbahn), frå turiststaden Garmisch-Partenkirchen til toppen. Det går òg to kabelvogner frå basen til toppen, ein på den tyske sida av fjellet ved Eibsee, og den andre frå Austerrike. Toppen er som regel overfyllt av turistar.

Zugspitze
fjell
Zugspitze
Land Zugspitze Tyskland, Zugspitze Austerrike
Fjellkjede Dei nordlege kalksteinsalpane
Høgd 2 962 moh.
Primærfaktor 1 746 m
Koordinatar 47°25′0″N 10°59′0″E / 47.41667°N 10.98333°E / 47.41667; 10.98333
Førstestiging 1770

Zugspitze
47°25′16″N 10°59′11″E / 47.421217°N 10.986314°E / 47.421217; 10.986314
Zugspitze
Zugspitze
Wiki Commons: Zugspitze

Ein kan òg gå til topps, anten til beins eller på ski. Frå foten av fjellet til toppen tek dette ein til to dagar, og det er mat og losji på enkelte av stiane opp. Om vinteren er Zugspitze ein populær skistad med fleire skibakkar på begge sider. The Zugspitzplatt er det høgastliggande skisenteret i Tyskland, og har derfor snø året rundt.

Grensa mellom Tyskland og Austerrike går rett gjennom fjellet. Det er eit kontrollpunkt på toppen av fjellet, men sidan Tyskland og Austerrike begge er med i Schengen er ikkje grenseovergongen lenger bemanna.

Zugspitze høyrer til Wettersteinkjeden i Dei nordlege kalksteinsalpane. Namnet kjem av dei mange snørasa (Lawinenzüge) som går i dei bratte fjellsidene.

På toppen av fjellet står ei hytte kalla Münchner Haus, og i over 100 år har det vore ein vêrstasjon her, som framleis er i drift.

I 1770 nådde nokre lokale folk toppen av fjellet, men dei første namngjevne personane var eit lag av landmålarar 27. august 1820. Laget var leia av Løytnant Josef Naus, som hadde med seg to folk kalla Maier og G. Deutschl. .

Første gong nokon kom seg til toppen om vinteren var 7. januar 1882, og desse var F. Kilger, H. og J. Zametzer og H. Schwaiger.

Ein kan kome seg til toppen via fleire ruter, og høgdeskilnaden mellom Garmisch-Partenkirchen og toppen er heile 2 200 m, ei utfordring for sjølv erfarne fjellklatrarar.


Zugspitze
Utsyn frå Zugspitze sørover mot Austerrike. Gullkorset til venstre markerer det høgaste punktet i Tyskland.
Zugspitze
Utsyn frå Zugspitze nordover mot Tyskland. Merk Eibse i midten og Garmisch-Partenkirchen til høgre.

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Tags:

AusterrikeBayernGarmisch-PartenkirchenTyskland

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Humphrey BogartKongsberg IdrettsforeningSør-AfrikaThomas A. DorseyMediaWikiStore norske leksikonOsteoporoseQueenKulturindustrienCanadaBizkaiaBarry HayNynorskAluminiumErnst VettoriJohann Sebastian BachHannoverAndrej KrautsjankaKvadratkilometerTsjasiv JarHarald V av NoregBeltaneStein EriksenSnikkarSosialismeElvis PresleyReligiøse nasjonalsymbolSpaniaJødedommenVinter-OL 1988Aleksandr RagulinWorld of Music, Arts and DancePippi LangstrømpeStilarkSystem of a DownHákarlEdderkoppdyrBill ChamplinSkjoldbruskkjertelenBrennverdiDickey BettsAnimismeHydrogencyanidBerlinblokadenSørøya i FinnmarkOrganistSovjetunionenMarianne Sivertsen Næss21. desemberRichie FaulknerAfghanistanDavid CameronISO 8601SvastikaEdvard VII av StorbritanniaAntarktisTuonelaSkjør astmaFrankararJerry Leiber og Mike StollerHenning SolbergElon MuskDeAnna PriceJohn ErtzgaardLangnebbparakittMargrethe II av DanmarkGråorSergej SjojguVinterEselCharlie WattsBjörn SkifsSunndalsøraArtemisLamaBrohlbachSamisk historie🡆 More