Det Norske Samlaget er eit norsk forlag som vart skipa den 24.
mars">24. mars 1868. Føremålet var å gje ut bøker på landsmål. Ein av stiftarane og fyrste formann var Hagbard Emanuel Berner, han var formann fram til 1877.
Det Norske Samlaget er no delt i to organisasjonar, litteraturselskapet og forlaget. «Litteraturselskapet Det Norske Samlaget» er ein kulturpolitisk interesseorganisajon som skal leggje tilhøva til rette for nynorsk bokutgjeving, og har også ansvaret for fleire legat og prisutdelingar som til dømes Melsom-prisen og Emma og Elias Blix' legat. «Forlaget Det Norske Samlaget» er frå 1978 skilt ut som sjølveigande forretningsdrivande stifting. Forlaget gjev ut tidskriftet Syn og Segn, bokverk, historiske, biografiske og skjønnlitterære verk, barne- og ungdomsbøker, ordbøker, vitskaplege og populærvitskaplege bøker på nynorsk. Forlaget gjev ut om lag 200 titlar i året, både på papir og digitalt. Edmund Austigard er forlagsdirektør og Håkon Kolmannskog er forlagssjef.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Det Norske Samlaget, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.