Termittar

Termittar (Isoptera) er ei gruppe sosiale insekt som er særs vanlege i tropiske og subtropiske strok over heile verda.

Termittar
Termittar
Systematikk
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Underklasse: Pterogyta
Infraklasse: Termittar Neoptera
Brullé, 1832

Det finst litt over 2 000 beskrivne artar, og mange av dei er særs talrike - det er rekna ut at det er om lag eit kvart tonn termittar for kvar person på jorda! Dei fleste av desse er sterile arbeidarar.

Termittar
Soldatar av arten Reticulitermes flavipes

Kjenneteikn

Termittar er små og har mjuke kroppar. Det latinske namnet isoptera tyder «like vengjer», og viser til at dei to vengjepara deira ser like ut. Vengjene er membranøse og avlange, og vert felt så snart det ikkje er bruk for dei. Antennene er korte og trådforma, og består av mellom 11 og 33 segment. Eventuelle haletrådar er små, og dei færraste har utvendige kjønnsorgan. Det er høg grad av polymorfisme mellom termittane, det vil seie at ulike individ innanfor same art kan ta særs mange ulike former.

Levesett

Alle termittar er sosiale insekt, som regel med tre markant ulike kaster av individ: arbeidarar, soldatar og forplantarar. Arbeidarane er små og blinde, sterile dyr med vanlege mandiblar (munndelar til å bita og kutta med), og har ansvar for å samla mat, byggje reir og å bera rundt på medlemmar av andre kastar. Soldatar er òg blinde og sterile, men har kraftig utvida mandiblar dei nyttar til å forsvara kolonien med.

Forplantarane har vengjer og augo, og vert produsert i store mengder til særskilde tider på året. Dei formeirar seg i store svermar, og individuelle par startar nye koloniar. Dette er til skilnad frå maur, der det er individuelle dronningar som grunnlegg nye tuer; termittane har både dronning og «konge».

Termittuer vert bygd i eller på tre. Primitive termittfamiliar har protozoar i tarmen som hjelpar dei til å fordøya cellulose, somme grupper har byta desse ut med bakteriar. Ein reknar med at termittane utvikla seg frå tre-etande kakerlakkar.

Kjelder

  • Brusca & Brusca: Invertebrates Sinauer Associates 2002

Tags:

Sosiale insekt

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

System of a DownMengdYuan-dynastietMagnisíaDiktKirunaElon MuskNSDAPKolKommunePeriferieininga KardítsaSamvirkelagWikimediaSauAmalie SkramRusslandHarald V av NoregNynorskMount EverestSymbol i hinduismenFuerteventuraROBEKSvanesjøenStorfuglTuonelaJantelovenLamíaPetter NorthugSpeidarrørslaKlanenNorsk folkedansGuvernement i OmanMidsommarNorsk fonologiSvart kattVersaillestraktatenAustraliaTutankhamonDigitalThe Times of IndiaTommeKirkenærMaoismeTidslinje over norsk historieNordland fylkeHindugudarAthamánesNo-dramaDet amerikanske flaggetBrødskiveSoltidNykøbing MorsVulkanar i ItaliaForvandlingaAstrid LindgrenBiologisk familiePilStomiRekonvalesensMarit BjørgenCharlène av MonacoProduksjonJa, vi elsker dette landetTwitterGorgopótamosVik kommuneHypertrofiVaterbordGustav ValsvikStatsreligionIranGrunnstoffliste etter atomnummerOmanVictoria av SverigeGjegnabu🡆 More