Tempeltre (vitskapleg namn Ginkgo biloba) er den einaste overlevande arten av ei stor gruppe nakenfrøingar som hadde ei stordomstid i jura- og krittida, men oppstod allereie i permtida i jorda si oldtid.
Tempeltre | |
Tempeltre | |
Status | |
Status i verda: Sterkt truga | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Ginkgophyta |
Klasse: | Ginkgoopsida |
Familie: | Ginkgoaceae |
Slekt: | Ginkgo-slekta Ginkgo |
Art: | Tempeltre G. biloba |
Vitskapleg namn | |
Ginkgo biloba |
Ein har funne 270 millionar år gamle fossil av gruppa. Treet fanst vilt i den kinesiske provinsen Sichuan, men har etter ca. 1000 e.kr. blitt utbreidd i heile Aust-Asia som eit heilagt tre i tempelanlegg. Alle ville populasjonar verker å ha blitt utrydda, og det er mogleg at arten i dag berre finst som kultivert prydtre. Ginkgo er saman med konglepalmane dei einaste frøplantane som produserer rørlege sædceller.
Tempeltreet blei kjent i Europa etter at det blei skildra av Engelbert Kaempfer i 1712. Etter dette blei treet òg populært i europeiske parkar. I nokre europeiske byar har tempeltreet òg vore brukt som gatetre sidan det krev lite stell. Vanlegvis er det hanntrea som blir brukte, sidan hotrea ber frukt som luktar sterkt av roten ost. Artsskildringa blei gjort av Linné i 1771.
Namnet «tempeltre» viser til tydinga treet har i tempelparkar. Opphavet til namnet Ginkgo kan koma frå ein skrivefeil av treet sitt europeiske «oppdagar» Engelbert Kaempfer. Tempeltreet heitte tidlegare Yín Xìng på kinesisk (銀杏 = «sølvaprikos»; i dag Bái Guǒ, 白果), etter utsjånaden på frukta. Dette blei omsett til japansk med Ginkyō (= «sølvfrukt»; i dag Ichō). Kvifor Kaempfer erstatta y-en med ein g, er uklart.
Tempeltreet blir rekna for å vera nært i slekt med bartrea, men dei nøyaktige slektskapstilhøva blant nakenfrøeingar er framleis ikkje heilt klarlagt.
Tempeltreet er eit sommargrønt tre som blir opptil 40 m høgt. Mest karakteristisk er blada, som er vifteforma, dels tydeleg tvidelte med eit hakk i midten (jf. artsepitetet biloba = «toflika»). Det er ein særbuplante, det vil seia at det finst særskilde hann- og hoplantar. Fruktene liknar på plommer og smakar søtt, men utviklar ei intens lukt av smørsyre.
I Asia blir fruktene og frøa brukte til matlaging. Tempeltreet har likevel større tyding som lækjemiddel. Fruktene og ekstrakt frå blada blir brukte til å framstilla medisin som styrkar blodforsyninga, spesielt av hjernen. Sjølv om ekstrakta blir marknadsførte som at dei skal vera bra for hukommelse og Alzheimers sjukdom, viser dei beste vitskaplege forsøka at Ginkgo biloba ikkje har nokon slik effekt.
Tempeltre kan nå ein høg alder. Ein kjenner til individ på over 1500 år. I Botanisk hage i Oslo finst eit tre planta i 1870 som ein reknar med er det eldste treet av arten i Nord-Europa.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tempeltre, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.