Tangshu, òg Eldre tangshu eller Boka om Tang, er eit kinesisk historieverk.
tradisjonell kinesisk 唐書, forenkla kinesisk 唐书, pinyin Tángshū | |||
Forfattar(ar) | Liu Xu | ||
---|---|---|---|
Språk | wenyan | ||
Sjanger | jizhuanti, dynastic history | ||
Utgjeven | 945 |
Tangshu er ei krønike over Tang-dynastiet skriven under leiing av Liu Xu på oppdrag frå general Shi Jingtang. Boka var ferdig i 945. Verket samlar informasjon frå ei mengd tidlegare skrifter som sidan er gått tapt. Blant desse monografane og biografane kan ein særleg trekka fram Tongdian av Du You.
Tangshu var ei av kjeldene for Xin Tangshu, Den nye Tangboka, som blei sett saman drygt 100 år seinare.
Verket består av 200 kapittel (skrivne i separate bokrullar) og er delt inn i tre delar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tangshu, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.