- Totalt - % vatn
| |||||
Hovudstad | Tambov | ||||
Areal | Rangering: 63. 34 462 km² | ||||
Innbyggjartal - totalt | Rangering: 46. ca. 1 092 000 (2010) | ||||
Føderalt distrikt | Sentrale | ||||
Økonomisk region | Sentrale Svartjord | ||||
Regionsnummer | 68 | ||||
Offisielt språk | Russisk | ||||
Guvernør | Oleg Ivanovitsj Betin | ||||
Nasjonalsong | Prosjtsjanije slavjanki | ||||
Tidssone | UTC +0300 |
Tambov oblast (russisk Тамбовская область) er ein provins i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Tambov, arealet er 34 462 km² og innbyggjartalet er 1 092 100 (2010).
Tambov oblast ligg sentralt på den aust-europeiske sletta, søraust for Moskva. Landskapet er hovudsakleg flatt, høgste punktet ligg 214 meter over havet. Om lag 10 % av området er skogkledd. Middeltemperaturen er -10 grader celsius i januar og 20 grader celsius i juli. Det finst ikkje nemneverdige naturressursar i provinsen. Elvene Tsna, Vorona og Lesnoj Voronezj renn gjennom området.
Det store fleirtalet av folket i provinsen er etniske russarar. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske fordelinga:
Som i Russland som heilskap går folketalet i Tambov oblast òg nedover, og har minka med 17,0 % frå 1989 til 2010:
58,7 % av folket bur i byar. Den einaste større byen er Tambov, med 280 200 ibuarar. (2010)
Dei første folkeslaga som er kjent i området som no er Tambov oblast var tyrkiske folkeslag og mordvinar. På 1200-talet vart området underlagt det mongolske riket, og vart etter kvart del av riket til Den gylne horden. På 1500-talet byrja russarar å slå seg ned i området. På 1600-talet vart det bygd festningar her, Kozlov i 1635 og Tambov i 1636, for å verna storfyrstedømet Moskva mot åtak frå krimtatarane og nogaiane i sør. Dette gjorde at folkesetjinga av området med russiske nybyggjarar auka på. Frå 1779 var byen Tambov senter for ein eigen provins.
Under den russiske revolusjonen kom området under Sovjetmakta i januar 1918. I 1920-21 vart alvorlege bondeopprør i provinsen slått ned av Den raude arméen.
Tambov oblast vart oppretta som eigen provins den 27. september 1937.
Oleg Betin har vore guvernør i Tambov oblast sidan 1999, då han slo den sitjande kommunistiske guvernøren Aleksandr Rjabov. Ved valet til provinsforsamlinga i 2005 kom tre parti over sperregrensa på 7 %:
Guvernøren, Oleg Betin, er medlem i Sameint Russland.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tambov oblast, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.