Soveldiosksid med kjemisk formel SO2 er ein fargelaus gass som vert danna ved at svovel brenn.
Svoveldioksid reagerer med oksygen og er lett løyseleg i vatn. Dette gjer at svoveldioksid kan medføre uønskte helseeffektar.
Reaksjonslikninga viser at eit svovelatom kan reagere med oksygengass og danne svoveldioksid:
S + O2 → SO2
Reaksjonslikninga nedanfor viser at dersom svoveldioksid vert oppløyst i vatn, vert det danna svovelsyrling:
SO2 + H2O → H2SO3
Svovelsyrling kan igjen reagere med vatn og danne svovelsyre, som vist i reaksjonslikninga nedanfor:
2 H2SO3 + O2 → 2 H2SO4
SO2 er eit bøygd molekyl med C2v symmetrigruppe. Svovelatomet har eit oksidasjonstrinn på +4, ei lading på 0 og er omgjeve av 5 elektronpar og kan skildrast som eit hypervalent molekyl. Frå perspektiv av molekylorbitalteorien, er dei fleste valenselektrona bunde opp i S-O bindingar.
Tre resonansstruktur av svoveldioksid |
S-O-bindingane er kortare i SO2 (143.1 pm) enn i svovelmonoksid, SO (148,1 pm), medan O-O-bindingane er lenger i O3 (127.8 pm) enn i dioksigen, O2 (120,7 pm). Bindingsenergien er større i SO2 (548 kJ mol−1) enn i SO (524 kJ mol−1), medan han er mindre i O3 (297 kJ mol−1) enn i O2 (490 kJ mol−1). Desse dataa fører kjemikarar til å konkludere med at S-O-bindingane i svoveldioksid har ein bindingsorden på minst 2, som er forskjellig frå O-O-bindingane i ozon, som har ein bindingsorden på 1,5
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Svoveldioksid, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.