Svovelsyre er ei sterk toprotisk syre, noko som seier kor mange hydrogen-ion ho gjev frå seg i vatn.
Svovelsyra har den kjemiske formelen H2 SO4.
Svovelsyre er oksiderande og verkar dehydrerande. Salt av svovelsyre vert kalla sulfat.
Svovelsyre er mykje brukt i kjemisk industri, mellom anna som råstoff i framstilling av andre kjemikaliar. Syra vert brukt som surheitsregulerande middel, og har da nummer E-513.
Ein finn svovelsyre i sur nedbør.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Svovelsyre, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.