Hawaii

Hawaii (hawaiisk Hawai‘i) er ei øygruppe i Stillehavet og ein delstat i USA.

Hovudstaden og største by er Honolulu. Hawaii blei ein amerikansk delstat den 21. august 1959, og er dermed den nyaste i USA.

Hawaii
delstat
Hawaii
Hawaii
Flagg
Hawaii
Våpen
Land Hawaii USA
Hovudstad Saint Paul
Areal 28 311 km²
 - land 16 635 km²
 - vatn 11 676 km²
Folketal 1 427 538  (2017)
Folketettleik 86 / km²
Guvernør David Ige
Før innlemming Territoriet Hawaii
Innlemma i USA 21. august 1959
Statsnummer 50.
Forkorting HI

Hawaii
21°30′N 158°00′W / 21.5°N 158°W / 21.5; -158
Hawaii
Wiki Commons: Hawaii
Nettstad: portal.ehawaii.gov

Delstaten har rundt 1,26 millionar innbyggjarar (2003) og to offisielle språk: det polynesiske hawaiisk og hawaii-engelsk, med hawaii-pidgin som eit uoffisielt hovudspråk.

Hawaii er òg den einaste øystaten i USA, og den einaste som framleis er i vekst, på grunn av vulkansk aktivitet. Delstaten er sett saman av ei 2 450 km lang kjede av øyar og atoll. Åtte av øyane er relativt store: øya Hawaii, Kahoolawe, Maui, Lauai, Molokai, Oahu, Kauai og Niihau.

Øyane har tropisk klima og fine strender, og det kjem mange turistar frå fastlands-USA og Japan.

Hawaii
Strand og turisthotell på Oahu.

Geografi

Vulkanøyane

Hawaii 
Utbrot frå vulkanen Puʻu ʻŌʻō

Øyane er blitt til gjennom vulkanaktivitet, truleg på grunn av den nordvestlege rørsla til den tektoniske Stillehavsplata. Fleire vulkanar er fortsatt aktive, og nye oppstår stadig. I følgje hawaiiansk tradisjon er det vulkangudinna Pele som står for utbrota.

Dei høgaste fjella på Hawaii er Mauna Kea (4 205 m. o. h.) og vulkanen Mauna Loa (4 176 m. o. h.)

Byar

Den største byen Honolulu på Oahu har rundt 372 000 innbyggjarar (2003). Neste i rekkja er Hilo, største byen på øya Hawaii, der det bur 41 000.

Historie

Hawaii 
Kong Kamehameha den store.

Antropologiske teoriar går ut på at polynesarar frå Marquesas og Selskapsøyane først gjekk i land på Hawaii for 1500 år sidan. Desse første busetjarane har halde på minna om migrasjonen gjennom munnleg overlevering. Dei hadde lite kontakt med andre polynesiske grupper i denne tidlege migrasjonsfasen, og utviklinga av Hawaii til eit innvikla samfunn fann stad så godt som isolert.

Ulike uklåre rapportar frå europeiske oppdagarar kan tyda på at Hawaii blei oppdaga før 1778, men dette året fann James Cook og mannskapet hans utan tvil øygruppa. Dei skreiv ned dei geografiske koordinatane og gav Hawaii namnet Sandwichøyane til ære for jarlen av Sandwich, John Montagu, som hadde hjelpt han økonomisk med reisa.

Tendensen på øyane hadde vore at eit stadig minkande tal hovdingar blei herskarar over stadig større rike. Ein serie krigar som tok slutt i 1795, og fredeleg overgjevnad av Kauai i 1810, førte til at øyane blei sameinte til eitt rike. Den nye herskaren blei kalla Kamehameha den store. Etterkomarane hans skulle herska over øyriket fram til 1893, då eit USA-støtta kupp avsette dronning Lili'uokalani og gjorde øyriket til ein uavhengig republikk.

USA annekterte Hawaii den 7. juli 1898 som eit amerikansk territorium. Over seksti år seinare, i 1959, fekk det status som delstat.

Kjende folk frå Hawaii

  • Henry J. Kaiser, industrialist
  • Bette Midler, songar og skodespelar
  • Duke Kahanamoku, symjar og OL-vinnar
  • Israel Kamakawiwoʻole, songar og musikar
  • Jack Johnson, songar og musikar
  • Jake Shimabukuro, ukulelespelar
  • Barack Obama, USAs 44. president

Tags:

Hawaii GeografiHawaii HistorieHawaii Kjende folk frå Hawaii195921. augustHawaiiskHonoluluStillehavetUSA

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Øyvind ØsterudPeter Wessel TordenskjoldSeljeHollandNile RodgersRomandieJeanne d'ArcOrTuvinskMidsommarPat MastelottoNord-AmerikaPeter ŠťastnýCarl LarssonHellasRegjeringa Quisling IITraneAleksandr RagulinJean-Claude JunckerSjakkVinEngland og WalesPhil MillerFikenslektaAnita O'DayDiktNoreg under sommar-OL 2008EfesosRimJamstellingsvedtaketChristianiaListe over primtalEmma EllingsenForvandlingaMuhammadu BuhariFredrik SolvangBodø kommuneNyttårMount Salisbury i AntarktisTrykkKarikaturKokosmakronCelina MidelfartStatkraftHundPeriferieininga IoánninaLastebilDen kalde krigenGonzález IslandGrunnstoffliste etter atomnummerBrigitSamisk historieWikifrasarStilarkReligionskrigSamvirkelagAddress Resolution ProtocolSjangerJonsokGlenn HughesDet britiske riksvåpenetDet norske flaggetHenrik WergelandBo WiderbergMP3RussiskKilelérDen raude plassenHar SedomObtestKvartalStyresettEduardo Francisco de Silva NetoReligiøse nasjonalsymbolCarl XVI Gustaf av Sverige🡆 More