USA er ein føderasjon som er sett saman av 50 delstatar.
Washington, D.C. er ikkje rekna som ein delstat, men som eit forbundsdistrikt.
Etter amerikansk rett er delstatane suverene einingar, som tyder at makta deira kjem frå folket framfor å vere delegert frå den føderale styresmakta. Føderale lover går framfor delstatlege lover på område der den føderale styresmakta har myndigheit, men den amerikanske grunnlova avgrensar den føderale styresmakta si myndigheit. All makt som ikkje eksplisitt er tildelt føderale myndigheiter i grunnlova, er halde av til delstatane.
Den amerikanske borgarkrigen (1861 til 1865) og høgsterettsdommen «Texas v. White» fastslo at delstatane ikkje har rett til å lausrive seg, og at dei, jamfør grunnlova, ikkje har rett til å bedrive utanrikspolitikk.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Delstatar i USA, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.