Gunnar Staalesen: Norsk forfattar

Gunnar Staalesen (fødd 19.

oktober 1947 i Bergen) er ein norsk forfattar og dramatikar. Han voks opp og har budd i Bergen heile livet sitt, og der finn også handlinga i dei fleste bøkene hans stad.

Gunnar Staalesen
Gunnar Staalesen: Biografi, Tidleg forfattarskap, Bøker
Gunnar Staalesen
Foto: Nina Aldin Thune
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. oktober 1947
Bergen i Noreg
Yrke Forfattar
Rørsle Postmodernisme, kriminallitteratur, sosialrealisme
Gunnar Staalesen på Commons

Staalesen debuterte med romanen Uskyldstider i 1969, men er mest kjend for kriminalromanane sine om privatdetektiven Varg Veum. Meir enn nokon annan vert Staalesen rekna som den som introduserte sosialrealismen i norsk kriminallitteratur. Mellom 1997 og 2000 gav han ut den såkalla hundreårstrilogien, eit verk på om lag 1600 sider som er sentrert rundt ulike familiar i Bergen og omland frå 1900 til 2000. Han har vore forfattar på heiltid sidan 1987.

Gunnar Staalesen har (per 2009) gjeve ut fem romanar, 18 kriminalromanar, to novellesamlingar, tre barne- og ungdomsbøker, seks skodespel og ei rekkje mindre utgjevingar. I tillegg har han ei rekkje tekstar frå arbeid som dramatikar, manusforfattar og skribent som ikkje er utgjevne i bokform. Fleire av bøkene hans er også omsette til andre språk. Han har vorte heidra med mellom anna Rivertonprisen (to gonger), Bokhandlarprisen og heidersprisen for kultur i Bergen kommune.

Biografi

Gunnar Staalesen voks opp på Nordnes i Bergen med ein far frå Haugesund som var lektor og ei mor frå Fredrikstad som var sjukepleiar. Han har fortalt at han hadde ein heilt vanleg oppvekst, og at han oppdaga at han likte å skrive som 10–11-åring. Han eksperimenterte med å skrive historier og lage teikneseriar, og alt i 1960, som 12-åring, hadde han ei novelle på trykk i det dåverande Haugesunds Dagblad. Ho hadde fått namnet «Det spøker ved Ulve-vann!», og han hadde også illustrert denne vesle novella som hadde ein journalist og ein hund i hovudrollene. Dette må altså kunne kallast Gunnar Staalesen sin forfattardebut.

Staalesen tok examen artium ved Bergen katedralskole i 1966. Deretter byrja han på Universitetet i Bergen, der han i 1976 vart cand.philol. med faga engelsk, fransk og litteraturkunnskap. I studietida var han frilans filmmeldar og kulturjournalist i BA (då Bergens Arbeiderblad). Han har også vore tilsett som informasjonssekretær ved Den Nationale Scene, i periodane 1972–1973 og 1976–1987. Det var fyrst i 1987 at han vart forfattar på heiltid, sidan ein, som han seier, «i utgangspunktet ikkje tener nok pengar på å vere forfattar i Noreg til å kunne leve av det».

Gunnar Staalesen skildrar seg sjølv som eit «tvers igjennom alminneleg menneske som tilfedigvis kan skrive bøker mange likar å lese.» Han har karakterisert seg sjølv som ein ihuga lesehest, og ein annan hobby han har, er springing. To–tre gonger i veka er han ute og spring, har han fortalt, i tillegg til at han er med i mosjonsløp og spring halvmaraton. Tidlegare har han også sprunge maraton. Staalesen har vorte millionær etter boksuksessane sine, men har eit nøkternt forhold til pengar. Han køyrer til dømes ein vanleg bil og har kjøpt ei rimeleg hytte. Han har sagt at han ikkje har «behov for å signalisere at [han] har hatt nokre gode år.»

Han har vore gift sidan 1969, og har to vaksne ungar, Vidar og Reidar

Tidleg forfattarskap

Dei fyrste bøkene

Gunnar Staalesen hadde hatt tekstar på trykk i mellom anna Vinduet, Profil og Dagbladet før han fekk noko utgjeve i bokform. Han hadde også fleire refusjonar bak seg, mellom anna frå Brikt Jensen på Gyldendal, før han fekk utgjeve den fyrste boka si, Uskyldstider i 1969. Boka kom ut på Pax Forlag etter å ha vorte refusert av både Cappelen og Gyldendal. Likevel vart heile opplaget på 2 500 eksemplar selt ut. Staalesen hadde, naturleg nok, høge forventingar til seg sjølv på denne tida, og han har ved fleire høve sagt at han såg på seg sjølv som den nye Knut Hamsun. Dei to fyrste romanane hans har vorte skildra som «prosalyriske formeksperiment som var typiske for tida dei kom ut i.» og «modernistiske kortromanar»

Bøker

  • 1969 – Uskyldstider – roman
  • 1971Fortellingen om Barbara – roman (illustrert av Marianne Heske)
  • 1975 – Rygg i rand, to i spann – kriminalroman
  • 1976 – Mannen som hatet julenisser – kriminalroman
  • 1977Bukken til havresekken – kriminalroman
  • 1978Den femte passasjeren – kriminalroman
  • 1979Din til døden – kriminalroman
  • 1980Tornerose sov i hundre år – kriminalroman
  • 1981Kvinnen i kjøleskapet – kriminalroman
  • 1983I mørket er alle ulver grå – kriminalroman
  • 1985Hekseringen – noveller
  • 1986 – Knut Gribb tar Bergenstoget – kriminalroman
  • 1986 – Vaskerelvens Rose – skodespel
  • 1988Svarte får – kriminalroman
  • 1989 – Falne engler – kriminalroman
  • 1990 – Fredag den trettende, eller Poseidons hevn – skodespel
  • 1990 – Vikingskattens hemmelighet – ungdomsroman
  • 1991 – Bitre blomster – kriminalroman
  • 1991 – Regnbyen. Om solen, regnet, byen og bergenserne – (skriven saman med Stig Holmås)
  • 1992 – Arven (frå sceneversjonen av Amalie Skrams Hellemyrsfolket) – skodespel
  • 1992 – Varg Veums Bergen. En annerledes Bergens-guide. – reiseguide i Varg Veums Bergen
  • 1992 – Vikingskattens forbannelse – ungdomsroman
  • 1993 – Dødelig madonna – kriminalroman (skriven saman med Fredrik Skagen)
  • 1993 – Begravde hunder biter ikke – kriminalroman
  • 1994 – Sivert skuteløs (fritt etter Amalie Skrams «To venner») – skodespel
  • 1994 – Vikingskattens voktere – ungdomsroman
  • 1995 – Bergens mysterier – kriminalroman (skriven saman med Willy Dahl og Erling Gjelsvik)
  • 1995 – Blues for Amalie Jensen. Tekster fra Bergen – noveller
  • 1995 – Skriften på veggen – roman
  • 1996 – Amalie Skrams verden – tekst og bilete (skriven saman med Irene Engelstad og Liv Køltzow)
  • 1996 – De døde har det godt – noveller
  • 19971900. Morgenrød – roman
  • 19981950. High Noon – roman
  • 2000 – 1999. Aftensang – roman
  • 2000Hundreårsboken – sakprosa (skriven saman med Jo Gjerstad)
  • 2002 – Som i et speil – kriminalroman
  • 2003Duen fra Bergen – lettlestbok
  • 2004Ansikt til ansikt – kriminalroman
  • 2005 – Mordet på Michelsen – kriminalroman, utgjeven som miniatyrbok
  • 2006Dødens drabanter – kriminalroman
  • 2008Kalde hjerter – kriminalroman
  • 2010 – Vi skal arve vinden – krim
  • 2011 – Blues for Amalie Jensen : tekster fra Bergen
  • 2011 – Varg Veum : Isdalskvinnens hemmelighet – krim
  • 2012 – De syv – teikneserie
  • 2012 – Der hvor roser aldri dør – krim
  • 2014 – Ingen er så trygg i fare – kriminalroman
  • 2016 –Storesøster – kriminalroman
  • 2018 –Utenfor er hundene – kriminalroman
  • 2021 – 2020. Post festum - roman

Dramatikk

  • 1982 – Vredens konfekter – høyrespel, NRK Radioteatret.
  • 1982 – En usedvanlig travel dag på privatdetektivens kontor – høyrespel, NRK Radioteatret.
  • 1982 – Mysteriet om barna som forsvant – fjernsyns-serie for barn, NRK fjernsyn.
  • 1986 – Da va no eg so fekk fem – folkekomedie, Åsane Ungdomslag (skriven saman med Terje Røed Fuglum).
  • 1986 – Knut Gribb tar Bergenstoget – musical, Den Nationale Scene.
  • 1987Døde sardiner – kammeropera, Bergen Kammeropera (musikk ved Ketil Hvoslef).
  • 1986 – Vaskerelvens Rose – skodespel, Den Nationale Scene.
  • 1989 – Fredag den trettende – skodespel, Den Nationale Scene.
  • 1982 – Foreldrene som forsvant – videofilm mot alkohol, produsert av Bergen kommune.
  • 1989 – Ved Fløifjellets fot – skodespel, Christi Krybbe skole.
  • 1990 – Den siste Bøschen – høyrespel, NRK Radioteatret.
  • 1992 – Hellemyrsfolket – skodespel Den Nationale Scene.
  • 1993 – Dumbo og Maskefjes: Rygg i rand, to i spann – krimserie NRK fjernsyn.
  • 1993 – Mysteriet på Dovrebanen – kriminalkomedie, Norsk Jernbanemuseum.
  • 1993 – I mørket er alle ulver grå – høyrespel, NRK Radioteatret.
  • 1994 – Sivert Skuteløs – skodespel, Den Nationale Scene.
  • 1998 – Svarte får – høyrespel, NRK Radioteatret.
  • 1999Pappas hage – skodespel, Midtun skole.
  • 2001Thomas Ryers testamente – høyrespel, NRK Radioteatret.
  • 2002 – 1900: Maskespill og maskefall – skodespel, Den Nationale Scene.
  • 2003 – Bitre blomster – høyrespel, NRK Radioteateret
  • 2003 – En vals med den grønne redsel – høyrespel, NRK Radioteateret
  • 2005Tusen år er som i går – skodespel, Bergen Byspill.
  • 2005 – 1900. Christian Molands hemmelige liv – skodespel
  • 2008 Ut på Nordnes– teaterstykkje, skreve til festforestillinga 27. april i høve Nordnæs Bataillons 150-årsjubileum
  • 2011 Peder Påske– skodespel
  • 2014 Hellemyrsfolket - musikal

Prisar

Kjelder

Litteratur

  • Forfatterhefte – Gunnar Staalesen (Oslo: Biblioteksentralen, 2006).
  • «Staalesen, Gunnar» av Nils Nordberg i Norsk biografisk leksikon; bind 9, Sundt–Wikborg (Oslo: Kunnskapsforlaget, 2005) (www).
  • «Gunnar Staalesen – skaperen av ‘sosionomskolen’ i norsk krim?» i Norges litteraturhistorie, bind 8: Vår egen tid av Øystein Rottem (Oslo: Cappelen, 1998).

Nettstader

Referansar

Bakgrunnsstoff

Tags:

Gunnar Staalesen BiografiGunnar Staalesen Tidleg forfattarskapGunnar Staalesen BøkerGunnar Staalesen DramatikkGunnar Staalesen PrisarGunnar Staalesen KjelderGunnar Staalesen BakgrunnsstoffGunnar Staalesen19. oktober1947Bergen

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Elizabeth II av StorbritanniaAn-MagrittEHF-meisterligaen i handball 2013/MennEx-utstyrBjørkefinkStaffan stalledrängHønsehaukMParlamentarisme i kommunarPolenBalderTemperaturVatikanstatenEirin FaldetStaphylococcus epidermidisKrøllalfaLotta i BråkmakergataDetaljhandelNasjonal SamlingTidslinje over norsk historieAnne RimmenKate BushOsloCaesareaBergens TidendeGisøyaØyvind AlsakerEuropaRubjerg Knude FyrPiezometerHar SedomIP-adresseSvastikaNordfjordeidHjørundfjordenSpanskHaakon Magnus av NoregSim sala bimKirsti BergstøEli HagenPelle PolitibilNord-SulawesiDzjankojAkslaMoskvaMarathiFormannskapMosesKredittDanskMarokkoHenri av LuxembourgFacebookArgentinaUTCMangoldDiktRasmus SundeØrsta kommuneVenstreBermudaByggSyriaProfesjonNord-AmerikaWikipediaNorsk fonologiBioteknologiVolda kommuneAlderspensjonTandemboggiHarald Eia🡆 More