Svenskar

Svenskar er personar av svensk nasjonalitet eller avstamming.

I tillegg til å visa til svenske statsborgarar kan omgrepet òg visa til personar som, til dømes gjennom morsmål, kultur, tradisjonar eller familieband reknar seg som svenske.

Svenskar
Svensk familie ca. 1937

Majoritetsbefolkninga i Sverige har tradisjonelt blitt kategoriserte som etniske svensk, som har blitt omtalt som ei skandinavisk folkegruppe av germansk opphav. Gjennom historia har ho også blitt påverka av migrasjonsstraumar og språklege og kulturelle trekk frå andre folkeslag.

Ordsoge

Omgrepet «svenskar» som nemning for eit folk var ei vidareutvikling av folkenamnet svear, der ordet svensk var adjektivforma.

Sveane (svioner) blei nemnde av Tacitus i verket Germania som blei skrive kring år 98. Namnet Svearike (Swēorice) og svitjod ('sveafolket') opptrer fyrste gong i det angelsaksiske Beowulfkvadet i eit handskrift frå 1000-talet. Namna viste i vikingtida og størstedelen av mellomalderen berre til innbyggjarar i Mälarlandskapet, og statsdanninga deira, opphavleg styrt frå Gamle Uppsala. Andre innbyggjarar i dåtidas Sverige, som götar og gutar, var ikkje omfatta i omgrepet «svensk». I avsnittet om mannebøter i den eldre västgötalagen frå cirka 1220 blir det såleis gjort skilnad mellom svensk, västgötar og smålänningar: «Dræpær maþær svænskan mann...».

I den første svenske historieboka, Erikskrönikan som blei skriven på 1320-talet, står ikkje omgrepet svensk (derimot blir Mälarlandskapet nemnt som Swidhido). Det er først i rimkrønikene frå 1400-talet, som hadde ein sterk propagandistisk bodskap retta mot unionkongar, futar og utlendingar generelt, at omgrepet «svensk» for fyrste gong blir nytta som fellesnamn for alle nordisktalande folkegrupper i landet Sverige og i eldre litteratur som eit folk sett saman av tre folkestammar: svear, götar og gutar. I mellomalderkjelder nytta ein elles omgrepet «inländska menn» i samanhengar der ein kunne venta seg å lesa «svensk».

Omgrepet svensk har såleis blitt utvida gjennom historia frå å opphavleg berre omfatta sveane til å bli eit fellesomgrep for alle norrøne folkestammar som var blitt innlemma i Sveariket, frå götar og gutar, til smålänningar og hälsingar, og til slutt òg folk som tidlegare hadde høyrd til Danmark og Noreg som skåningar, jämtar osb.

Opphavet til befolkninga

Førhistorisk tid

Genetisk forsking har gjeve kunnskap om migrasjonsstraumar frå ulike stader til det området som i dag er Sverige, og om korleis desse har gitt opphav til ei genetisk blanding blant dagens svenskar. I førhistorisk tid kom det tre store innvandringsbølgjer til Europa frå andre område, og som med tida òg kom at folka det som skulle bli Sverige: (1) Jeger-samlarar, (2) dei første steinalderbøndene frå Vesleasia, og dessutan (3) indo-europeiske steppegjetarar rett før bronsealderen. Deretter har ingen store migrasjonar skjedd til Europa ifrå andre kontinent fram til moderne tid. Blant dagens svenske etterkomarar går 78 prosent av farslinjene til mennene tilbake til den indoeuropeiske innvandringa kring bronsealderen. Ein har funne få farslinjer frå tidlegare innvandringsbølgjer. Morslinjene til befolkninga er meir blanda frå dei tre innvandringsbølgjene. Kampøkskulturen som kom til Skandinavia kring 2900 f.Kr. blir gjerne sett på som opphav til dei protogermanske kulturane, og den germanske populasjon har sidan vore i stort sett stabil i Skandinavia. Kampøkskulturen blir meint å ha delvis smelta saman med den eldre gropkeramiske kulturen og gitt opphav til den nordiske bronsealderkulturen som i sin tur blir sett på som opphavet til dei germanske kulturane.

Svenskar dukkar fyrst opp i nedskriven historie i Tacitus sitt verk Germania frå år 98. Eit av dei germanske folka Tacitus skildrar er eit folk han kallar suiones, som allment blir rekna som sveane. Desse blir omtalte som å skilja seg ut for flåtane sine, som har skip med har «ein baug i kvar ende». Denne skildringa meiner ein stemmer med det ein veit om skipsbygging i Skandinavia på denne tida.

Klimaendringa i 535–536 blir trudd å ha hatt stor påverknad på kulturen i Skandinavia. Ein reknar med at så mange som halvparten av befolkninga i Skandinavia kan ha døydd. Som ei følgje blei kulturen meir militarisert under den påfølgjande venedeltida.

Vendeltida og vikingtida

På vendeltida vart det nære relasjonar med den angelsaksiske kulturen i dagens England. På denne tida blei det bygt storslagne gravhaugar der ein har funne rike gravgåver som tyder på ei framveksande kongsmakt som kom til å starta riksdanninga. På 700-talet så byrja svear ifrå Roslagen å dra på vikingaekspedisjonar i austerled mot Kurland, Estland og Finland. Desse roselovvikingane kom til å gje oppheva til dei finske (Ruotsi), estiske (Rootsi) og nordsamiskae (Ruoŧŧa) namna på Sverige. Svear etablerte handelsplassar ved Staraja Ladoga og Novgorod, og blei ein viktig del av riksbygginga til Kyiviket. Slavarane sitt namn på sveane, russ´, kom seinare til å bli namnet på alle dei ulike slavarfolka som kom til å bli del av Kyivriket. På same måte kom sveane til å gje namn til dei samla nordisktalande folka som kom til å bli del av den politiske eininga deira. Ved slutten av 800-talet var det som dei tidlege mellomalderske krønikene kalla svearveldet kome til å også omfatta Gotland, Möre, Öland og Blekinge.

Seinast ved slutten av 1000-talet omfatta området også Hälsingland, Götaland och Värmland. Adam av Bremen talar om befolkninga som sueonum populi ('sveoniske folk' eller 'svenske folk' alt etter omsetjing). Ved byrjinga av 1100-talet var den førkristne religionen som seinare er blitt kjend som åsatru blitt fortrengd av kristendommen. På 1100- og 1200-talet erobra Sverige dei austlege områda Finland (Egentliga Finland), Tavastland og Karelen). Dette førte til stor innvandring av nordisktalande kolonisatorar som danna grunnlaget for den svensktalande befolkninga i Finland, finlandssvenskar. Sveane som 300 år tidlegare hadde busett seg blant austslavarane hadde sjøl blitt slavifiserte og assimilerte inn i den nye etniske identiteten der, men hadde tidlegare hatt venlege relasjonar til opphavslandet, der giftarmål mellom aust og vest hadde halde slektskapen i live. Men då bufferen som dei finske folka hadde utgjort forsvann tok dei gode relasjonane slutt, og republikken Novgorod og seinare Tsar-Russland blei bitre rivalar av Sverige. Fram til 1200-talet hadde ein hatt eit felles språk i Skandinavia, fyrst urnordisk og sidan norrønt. Etter år 1000 hadde språket byrja å brytast opp i ein vestleg og ein austleg dialekt. På 1200-talet hadde den austnordiske dialekten byrja å gå over til klassisk gammalsvensk, og på 1300-talet gjekk det over til yngre gammalsvensk.

Arbeidskraftinnvandring og flyktingmottaking

På 1400- og 1500-talet slo tyske kjøpmenn og handverkarar seg ned, for det meste i byane, men også i Bergslagen. Mindre grupper av vallonarar migrerte til Sverige på 1600-talet. Hollendarar, engelskmenn og skottar innvandra som kjøpmenn og industrifolk på 1600-talet[treng kjelde].

Frå slutten av 1940-talet og fram till midten av 1970-talet fann det stad ei omfattande arbeidsinnvandring som svar på ein direkte etterspurnad frå svensk industri. Innvandringa frå Finland kom til å utgjera den største arbeidsinnvandringa til Sverige gjennom tidene. Det blei også rekruttert arbeidskraft i Italia, Ungarn og Austerrike. På 1950-talet fokuserte ein på rekruttering frå Vest-Tyskland, Nederland, Belgia og Hellas. På 1960-talet var den ikkje-nordiske innvandringa dominert av folk frå Jugoslavia. Arbeidsinnvandringa i etterkrigstida var likevel i fyrste grad eit nordisk fenomen.

Frå 1980-talet kom innvandringa til å bli prega av familie- og flyktningsinnvandring. Flyktingbølgja frå Balkan til Sverige nådde ein topp i 1992 under Jugoslaviakrigane. Flyktinginnvandringa fortsette deretter med større grupper frå Afghanistan, Syria, Irak og Somalia.

Utviklinga av ein svensk nasjonal identitet

Like før og under eldre mellomalder var landskapa i Mälardalen og rundt Vättern som regel samla under same konge, men Sverige blir ikkje rekna som ei stabil statsdanning av dagens svenske historikarar før på 1200-talet. Sverige i eldre mellomalder bestod av fleire laust samanhengande område, som i løpet av 1000-talet hadde utvikla ein felles militær organisasjon (leidang) etter dansk mønster. Sverige under Kalmarunionen (1389-1523) hadde ingen eigen utanrikespolitikk eller regent, men det dåvarande Sverige hadde likevel sitt eige lovverk. Den svenske nasjonalstaten blir rekna for å ha blitt skipa etter unionsoppløysinga år 1523, og Gustaf Vasa blir rekna som nasjonsfader.

Svenskar 
Skandinavismen lav vekt på "dei skandinaviske brorfolka".
Svenskar 
Nasjonalromantikken, til dømes kunsten til Anders Zorn, idealiserte bondesamfunn og heimbygd.

Som i resten av Europa utvikla ikkje nasjonalismen seg før på 1800-talet i Sverige, då det blei bygd ein felles skandinavisk eller nasjonal identitet for å sameina regionen eller landet. Nasjonalromantiske diktarar og studentkor byrja å prisa landet og idealisera krigsinnsatsen til gamle kongar og krigsheltar sin vilje til å ofra seg. Götisisme-historikarar romantiserte vikingbragder og sogekongane, som skulle visa at folkesjelen til «det svenske folket» hadde vore prega av ein mental styrke. Finland sitt tap mot Russland blei tolka som at den svenske styrken hadde byrja å gå tapt som følgje av det late bylivet og utanlandske impulsar. Den lokale romantikken henta symbol, tradisjonar og folkemusikk frå bondesamfunnet, i ei tid då dette bondesamfunnet var i ferd med å gå i oppløysing.

Før denne tida levde ein gjerne med svært ulike livsstilar i ulike landsdelar, og adel og bønder hadde identiteten sin i samfunnsklassa si heller enn i riket, og gifta seg sjeldan med kvarandre. Det var fyrst rundt denne tida at landet fekk eit felles språk. Før dette brukte adelen eit svensk blanda med utanlandske lånord som bøndene sjeldan forstod, og latin hadde hatt rolla som språket til det trykte ordet. Ved midten av 1800-talet fekk statskyrkja konkurranse av akademisk religionskritikk og frikyrkjer, som danna grunnlag for fleire andre folkerørsler. Nasjonalismen kom til å erstatta den lutherske religionen som overideologi, og sameina ulike samfunnssjikt, politiske ideologiar, religiøse retningar og landsdelar fram til midten av 1900-talet.

Innleiingsvis var ikkje nasjonalismen prega av framandfiendtlegheit, men dei katastrofale konsekvensane av dei aggressive nasjonalismane 1930- og 1940-talet (mellom anna fascisme) førte til ein motreaksjon hjå ållmenta bort frå nasjonalisme i det heile. Deretter har i staden demokratiet hatt rollo som overideologi i landet. Den svenske kulturen er i dag fleirkulturell og individuell. Den sterke sekularismen i landet inneber at religion no blir sett på som ein privatsak, og at få er truande, men den lutherske og vekkingskristne kulturarven blir framleis sett på slom å ha tyding for verdiar, økonomi og arbeidsmoral. Nye nasjonalistiske og framandfiendtlege rørsler har vokse seg sterkare sidan 1990-talet, men har ikkje fått rolla av felles verdigrunnlag for Sverige.

Befolkningsgrupper i Sverige

Majoritetsbefolkning

Omgrepa etniska svenskar og Sveriges majoritetsbefolkning blir brukt i svenskspråkleg forsking for å klargjera at ein meiner personar som identifiserer seg med svensk kulturarv. Dette kan til dømes omfatta adoptivbarn fødde i andre land og oppvaksne i Sverige og med svensk morsmål. Omgrepa blir ofte sett i kontrast til dei som fyrst og fremst identifiserer seg med nokre av minoritetsfolka i landet og innvandrargrupper. Det er likevel ikkje uvanleg at medlemmer av etniske minoritetar har vore tospråklege og oppretthalde doble kulturelle identitetar gjennom fleire generasjonar, og at innvandrarungdommar utviklar ein multikulturell identitet – og òg vurderer seg som del av den svenske kulturen. Omgrepet etnisk svensk har vore omdiskutert i svensk politisk debatt, då det i kvardagsleg språkbruk av og til blir gitt ei tolking som kvit svensk, er ekskluderande og òg er vanleg i fordomsfull og rasistisk argumentasjon.

I Sverige blir det ikkje ført offisiell statistikk over talet på svenskar som etnisk gruppe. Talet på innbyggjarar med svensk som morsmål blei rekna til 8 000 000 i 2012.

Språklege minoritetar

Folk av svensk nasjonalitet omfattar òg samar (mellom 17 000 og 20 000 personar i Sverige, der 6 000 hadde samisk morsmål i 2012). Dei har status som urfolk ettersom befolkninga deira «är lika gammal som eller äldre än landets majoritetsbefolkning.»

Fire andre anerkjende språklege minoritetar har vore lenge i landet:

  • meänkielitalande (rundt 15 000 svenskar hadde dette morsmålet i 2012),
  • finsktalande (185 000 svenske innbyggarar),
  • romani chib-pratande (11 000 svenskar) og
  • jiddisktalande (3 000 svenskar).

Følgjande nordiske varieteter blir av og til omtalte som egne språk, men har ikkje offisiell status som minoritetsspråk:

  • Älvdalska (1 900 hadde dette som morsmål i 2012).
  • Överkalixmål (1 600)

Utflytta svenskar og etterkomarane deira

Svenskar 
Land med betydeleg svensk folkesetnad og etterkomarar.



██ Sverige ██ + 1 000 000 ██ + 100 000 ██ + 10 000 ██ + 1 000

Folk med svensk som morsmål som stammar frå folk som har budd i såkalla venskbygder som historisk har vore del av Sverige, framfor alt i Finland men også i Estland, kallar seg finlandssvenskar eller estlandssvenskar, men sjeldan berre svenskar. Dei utgjer nasjonale minoritetar i dessa landa, og dei svenske dialektane deira er vanlegvis ikkje rikssvensk. Ei gruppe estlandssvenskar blei tvangsflytta til Gammalsvenskby i Ukraina, der svensktalande etterkomarar har halde fram med å bu.

Folk som har utvandra frå Sverige identifiserer seg ofte som svenskar og blir gjerne kalla utlandssvenskar. Etterkomarar av desse som har bevart språk og tradisjonar og danner eit større fellesskap kan også regne seg som svenskar, og som ei namngjeven etnisk gruppe, som australiasvenskar, svenskkanadiarar eller svenskamerikanarar.

Kjelder

Tags:

Svenskar OrdsogeSvenskar Opphavet til befolkningaSvenskar Utviklinga av ein svensk nasjonal identitetSvenskar Befolkningsgrupper i SverigeSvenskar Utflytta svenskar og etterkomarane deiraSvenskar KjelderSvenskarMorsmålNasjonStatsborgararSverige

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Moskva oblastMidsommarISBNSildekongeMegawattThoriumkraftverkBelarusFærøyaneSMS-språkThaiDiezeDompapNorsk folkedansHektarFin GnattHotel CaliforniaSyriaStylídaLibanonAfghanistanPompeiiPlateésKolonialhandelMaiken Caspersen FallaMoskvaLungebetennelseMikroRafaelJohn Churchill, 1. hertug av MarlboroughAtle HansenAlbert ÅbergTettstader i RogalandSvartedauenNasjonalrettCate BlanchettCowboy-LailaMargaret SkjelbredHarrCanadaTsjasiv JarBengaltigerEtterretningsbataljonenTysklandPolenRamaskrikProsaSpeleautomatHans ØyEmil i LønnebergetBislett-medaljenKleopatraSkypeFirenzeNoahFemøringTrekanthandelLivadiáEnzymPeter BoszRagnhild BrochmannPeter GabrielBieStilarkArne SørliJohannes VermeerBedehuset Bethel på JudabergBroccoliniFlammepunktÆrfuglFrankrikeProgrammeringsspråket JavaIstanbulPer PaustMartha SkrettebergAliártosKirkeristenFrey II🡆 More