Gammalengelsk eller angelsaksisk er ei tidleg form av engelsk som blei brukt av angelsaksarar i tida før 1100.
Gammalengelsk angelsaksisk (Ænglisc, Anglisc, Englisc) | ||
Klassifisering: | Indo-europeisk Germansk Vestgermansk Gammalsaksisk (gammalnedertysk) Gammalengelsk | |
Bruk | ||
Var tala i: | England, Skottland, Wales | |
Skriftsystem: | den angelsaksiske futharken, det latinske alfabetet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2: | ang | |
Wiki på gammalengelsk |
Det er eit vestgermansk språk med opphav i fleire nærskylde målføre, hovudsakleg språka som vart brukte av saksarane og anglarane i Nord-Tyskland og Sør-Jylland. Gammalengelsk ligg mellom anna nært opptil gammalsaksisk, og er nærskyld med nedertysk og frisisk. Det har òg mange likskapar med norrønt språk (og til ein viss grad moderne islandsk).
Morfologisk skil gammalengelsk seg mykje frå moderne engelsk. Det har fem kasus, nominativ, dativ, akkusativ, genitiv og instrumentalis, og tre kjønn, hannkjønn, hokjønn og inkjekjønn. Ordtilfanget var hovudsakleg av germansk opphav. Gammalengelsk tok opp i seg få element av keltiske språk, men vart sterkt påverka av skrift- og kyrkjespråket latin. Seinare vart språket òg påverka av danske og norske innvandrarar i område som Danelagen i Nord-England.
Gammalengelsk utvikla seg jamt på dei rundt 700 åra det var i bruk, frå rundt 450 til etter normannarinvasjonen i 1066. Språket i den påfølgjande perioden, fram til moderne engelsk, blir kalla mellomengelsk.
Gammelengelsk vart først skriven med den angelsaksiske futharken, eit runealfabet. Ved 800-talet hadde ein i stor grad teke i bruk det latinske alfabetet, med runeteikna thorn og wynn som tilleggsbokstavar. Runar hadde vortne særs sjeldne då normannarane invaderte England i 1066, og forsvann ut av bruk kort tid etter.
Gammalengelsk tekststykke om Ottar frå Hålogaland frå rundt 890:
«engelsk - gammelengelsk» i Store norske leksikon, snl.no.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Gammalengelsk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.