Sørhare, Lepus europaeus, er eit pattedyr i harefamilien.
Sørhare | |
Sørhare | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Utbreiinga av sørhare | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Overorden: | Euarchontoglires |
Orden: | Haredyr Lagomorpha |
Familie: | Harefamilien Leporidae |
Slekt: | Lepus |
Underslekt: | Eulagos |
Art: | Sørhare L. europaeus |
Vitskapleg namn | |
Lepus europaeus Pallas, 1778 |
Sørharen er nært i slekt med vanleg hare, og er den mest utbreidde harearten lenger sør i Europa. Han har kome til Noreg ein gong etter 1800. På den norske svartelista er han oppført som ein framand art som utgjer ein ukjend risiko for stadeige artsmangfald. Han har etablert ein liten bestand i Østfold basert på innvandring av dyr som er sett ut i Sør-Sverige. Han vart òg sett ut fleire stader i Noreg rundt hundreårsskiftet til 1900-talet, men desse bestandane døydde etter kvart ut. Det opphavlege utbreiingsområdet til sørharen var Eurasia frå den europeiske atlanterhavskysten i vest til Mongolia i aust. Han er òg innført til mellom anna Argentina, Australia, Nord-Amerika, Sverige og Storbritannia. Formålet med spreiing av arten har stort sett vore å nytta han som jaktvilt. Sørharen er ein svært tilpasningsdyktig art, som kan leva i mange varierte landskapstypar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sørhare, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.