Rosa eller lyseraud er ein farge som mellom anna kjem om ein blandar raudt og kvitt.
Namnet på fargen kjem frå det latinske ordet for rose. Det engelske ordet for rosa, pink, kjem frå nellik. På svensk kan ein også bruka ordet skär, 'rein', om fargen.
Rosa har ikkje eit særskild bølgjelengdspektrum, men blir danna gjennom ei samansetjing av fleire. Det finst store variasjonar i fargane me kallar rosa, frå bleike pastellrosa til sjokkrosa.
Magenta er ei form for rosa som kan lagast i eit additivt fargesystem ved å blanda like mengder raudt og blått.
Mange plantar har rosa blomar, og ein kan også finna fargen i blad. Når det gjeld dyr er rosa uvanleg i dekke som fjører og skjel, men finst også her, til dømes gjennom flamingo og rosa iguana (Conolophus rosada). Organ utan mykje fargestoff er derimot ofte rosa fordi blodet viser gjennom, til dømes tunge, lepper, negler, blodfylt hud, kroppsholrom og mange indre organ. Kjøt kan ofte ha rosa farge.
I nyare tid er rosa blitt særskild forbunde med jenter og homofile i Vesten, og kan dermed avvisast som barnsleg eller umandig av andre. Dette er ikkje eit universelt syn på fargen. Frå 1920- til 1940-talet, då ein byrja å knyta enkeltfargar til kjønn, var rosa rekna som ein maskulin farge fordi han kom frå den livfulle raudfargen, medan lyseblått var rekna som meir passande for jenter. Frå 1940-talet blei desse førestillingane bytta om, og ein tok til å sjå på rosa som passande for jenter og blått for gutar.
Den homofile tilknytinga til fargen stammer frå den rosa trekanten homofile i nazistiske konsentrasjonsleirar måtte bera. I 1970-åra blei trekanten teken i bruk som symbol for kampen for homofile sine rettar. Etterkvart tok ein til å bruka sjølve rosafargen som eit symbol for homoseksuelle, med titlar som Pink News, magasinet Pink og Pink TV.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Rosa, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.