Ritual er handlingar som har symbolsk innhald og som blir gjenteke etter bestemde reglar.
Ordet kan òg tyde ein fastsett orden, til dømes ei ritualbok, det vil seie forskrifter for ein kyrkjeleg seremoni, eller i vidare forstand berre fast skikk og bruk, altså ein vane eller tradisjon som følgjer gjevne handlingsmønster. Ordet «ritual» stammar frå det latinske ritus eller ritualis, som tyder 'bruk'. Rite er eit nærskyld omgrep.
Eit ritual er ei bestemd handling som blir gjort på ein spesiell stad eller til eit spesielt tidspunkt, gjerne begge delar. Det er fleire kjenneteikn; dei som utfører ritual brukar som regel spesielle klede, et ein bestemd matrett og liknande. Kjende rituelle klede er til dømes russelue til russefeiringa.
Vi skil mellom religiøse og ikkje-religiøse ritual. Eit ritual som religiøs skikk er ein del av ein seremoni som er ei mengd handlingar, hovudsakleg gjennomført for det symbolske verdet deira, som er forordna av ein religion eller av tradisjonen i eit samfunn. Eit ritual er fellesnemninga på fleire ritar sett saman til ein seremoni.
Historisk var orda brukt om måten ein tok kontakt med høgare makter på. Religiøse livssyn har gjerne mange ritual. I dag har ein ritual til dømes i trus- og livssynsamfunn og studentforeininger med meir.
Zoologane finn paringsåtferd som er så presist gjentakande at ho blir kalla paringsritual. Tiurleik er eitt eksempel.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ritual, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.