Kunstig Intelligens: Grein av informatikken som søker å utvikle programvare med menneskeliknande intelligens

Kunstig intelligens (KI eller AI, frå engelsk artificial intelligence) er ei grein av informatikk som tek føre seg intelligent åtferd, læring og tilpassing i maskiner.

Slike maskiner, som automatiserer oppgåver som skal krevje intelligent åtferd, kan t.d. vera kontrollsystem, automatisk planlegging, ekspertsystem som skal kunne diagnostisere problem eller svare på kundespørsmål; dei kan inkludere talegjenkjenning, skriftgjenkjenning og andletegjenkjenning.

Feltet har stor overlapping med datalingvistikk og kognitiv vitskap, i tillegg har mykje av det som no er rekna som «standardinformatikk» sitt opphav innanfor kunstig intelligens, t.d. stifinningsalgoritmar i grafar.

Andre felt som har vore viktige for kunstig intelligens er filosofi (spesielt sinnsfilosofi og logikk), matematikk, spelteori, økonomi, nevrovitskap, lingvistikk (spesielt semantikk), psykologi (spesielt kognitiv psykologi), kontrollteori og kybernetikk.

Retningar

KI vert normalt delt opp i to retningar: konvensjonell/symbolsk KI og syntetisk intelligens.

Symbolsk KI er òg kjend som Good Old Fashioned AI (GOFAI) eller logisk KI, og baserer seg på logisk formalisme, maskinlæring og statistisk analyse. Nokre metodar innanfor denne retninga er:

  • ekspertsystem
  • fallbasert resonnering
  • bayesiske nettverk
  • åtferdsbasert KI

Syntetisk intelligens, òg kjent som scruffy AI, konneksjonisme eller komputasjonell intelligens, baserer seg på iterativ utvikling og empirisk læring. Nokre metodar er:

  • Kunstige nevrale nettverk
  • Fuzzy logikk: teknikkar for resonnement ved usikker informasjon
  • Genetiske algoritmar (GA)
  • Svermintelligens
  • Kunstig liv

Hybridsystem og systemintegrering, basert på ein kombinasjon av symbolsk og syntetisk KI, vert sett på som ei lovande retning av dei som vonar på «ekte KI». Nokre av desse metodane, som til dømes nevrale nettverk og genetiske algoritmar, vert òg studerte innan digital signalhandsaming.

Historie

John McCarthy, oppfinnaren av programmeringsspråket Lisp, var den første til å nytte termen kunstig intelligens (artificial intelligence), ved Dartmouth-konferansen i 1956, der mange av pionerane møttest og utveksla idéar. I 1950 fann Alan Turing på ein måte å operasjonalisere intelligens med eit imitasjonsspel. Det som vart kjend som Turingtesten [1] Arkivert 2013-03-28 ved Wayback Machine..

Bakgrunnsstoff

Tags:

Informatikk

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

DesiMik KaminskiBronseGulerleGeorg VI av StorbritanniaIltalehtiDen franske revolusjonenKyprosLinköpingUtrikesdepartementetNidarosdomenMelatoninBybanen i BergenKrøllalfaBergen kommuneMegawattDag HammarskjöldBayernTsarEirik RaudeLand i Eurovision Song ContestNorske passasjerar ombord på RMS «Titanic»Sør-AfrikaDet kyrilliske alfabetetAdolf HitlerBerlinCarles PuigdemontKnekkebrødKlaus Peter Nickel27-årsklubbenHarald I av NoregSpaniaVictoria av StorbritanniaTorremolinosSudanTandemboggiNynorsk WikipediaKnut HamsunFilmserien Harry PotterEmilie Enger MehlBrønnøymålEgyptURLLene Westgaard-HalleEStareDeltaMoldedialektUkrainaTyrkiaKattEddadiktNato-alfabetetGaysirLinerleDomenetapBerlinblokadenJackson RichardsonSten & StanleyReligionskrigSagaen om IsfolketTower of LondonPýdnaDavid BowieLeptokaryáGlukoseNasjonaldagStavanger kommuneLufttrykkMarco PoloIndonesiaSalman RushdieRekreasjonSotraRoald DahlQawah🡆 More