Pasjtunarar er ei folkegruppe som stammar frå området mellom Hindukush nordaust i Afghanistan og nordlege delar av Indus i Pakistan.
Målet deira er vanlegvis pasjto. Pasjtunarar er også blitt kalla afghanarar.
Pasjtunarane er den største folkegruppa i Afghanistan, med eit estimert folketal på rundt 11 millionar tidleg på 2000-talet, mellom 42 og 60 % av innbyggjarane i landet. Det finst også mange av dei i Pakistan, rundt 25 millionar eller 11 %, og mindre grupper held til i fleire delar av India. I Pakistan lever pasjtunarar særleg i område sør for Quetta.
Den tradisjonelle stammeinndelinga er framleis viktig i pasjtunsk kultur. Folkegruppa er delt inn i rundt 60 stammar av ulik storleik som igjen er delt inn i klanar, og har ulike territorium. Dei mektigaste gruppene i Afghanistan er Durrani-stamma frå sør i landet, som den tidlegare afghanske kongefamilien kom frå, og Ghilzay-stammar frå området aust for Kabul.
Ein del pasjtunarar har danna ei rørsle for å skipa ein sjølvstendig nasjonalstat kalla Pakhtunistan. Denne rørsla har hatt lita oppslutting, mellom anna fordi stamme og klan speler ei større rolle enn etnisitet.
Norsk Pathanmisjon har vore aktiv blant pasjtunarar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Pasjtunarar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.