Afghanarar er innbyggjarar av Afghanistan og etterkomarane deira.
Ordet «afghan» (dari og pasjto افغان, afḡān) har tradisjonelt vore brukt om pasjtunarar, men kan i dag også visa til dei andre folkegruppene i landet, som tadsjikar, hazarar og usbekar og ei rekkje mindre grupper.
35-55 % av afghanarar har pasjto som morsmål medan 25-50 % snakkar dari (persisk). Dei ulike minoritetsgruppene kan ha usbekisk, turkmensk, urdu, arabisk, balutsji og andre mindre språk som morsmål. Det er vanleg å kunna fleire språk, særleg blant folk som bur i byar.
Det lever rundt 31 millionar afghanarar i Afghanistan eller like over grensa i Pakistan eller Iran. Rundt ein femtedel av desse bur i byar medan resten bur på landsbygda. Her er landbruk den viktigaste levevegen, og fram til 1970-talet var mange afghanarar nomadar eller halvnomadar. Handel og transport er også viktige levevegar.
I andre land bur det mindre tal afghanarar som særleg har drege frå landet på grunn av den urolege stoda der sidan den sovjetiske invasjonen i 1978 og krigane som følgde. Det største talet på afghanarar etter Iran og Pakistan finn ein i Dei sameinte arabiske emirata (ca. 300 000 i 2006), Tyskland (126 334 i 2006) og USA (90 000 i 2013). Ved byrjinga av 2013 var ifølgje SN ein tredel av alle flyktningar i verda afghanarar.
Det store fleirtalet av afghanarar er muslimar. Rundt 80-89 % av befolkninga i Afghanistan er sunnimuslimar, 10-19 % er sjiamuslimar og eit mindra tal er ismailiar. 1 % eller mindre er sikhar, hinduar eller noko anna. Tidlegare religionar blant afghanarar er buddhisme og parsisme. I Nuristan (Hindukush) hadde stammefolk heilt fram til 1890-åra, då dei blei tvangsomvend til islam, eigne religionar som slektar på gammal vedisk gudstru.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Afghanarar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.