Urdu

Urdu er eit indoeuropeisk språk av indoarisk type som hovudsakleg blir tala i Pakistan og India.

Det er svært likt hindi, men blir skrive med ein tilpassa utgåve av det arabiske alfabetet. Urdu er offisielt språk i Pakistan, og eitt av dei 24 nasjonale språka i India.

Urdu
اُردوُ
Klassifisering indoeuropeisk
 indoiransk
  indoarisk
   sentral sone
Bruk
Tala i India, Pakistan og i fleire land gjennom innvandrarar (t.d. Storbritannia, USA, Saudi-Arabia)
Område Sør-Asia
Skriftsystem Urdualfabetet nastaliq (basert på persisk-arabisk)
Språkkodar
ISO 639-1 ur
ISO 639-2 urd
ISO 639-3 urd
Wiki på urdu

Slektskap

I utgangspunktet var urdu og hindi eitt og same språk, kjent som hindustani, men dei utvikla seg i ulik retning under persisk påverknad, og seinare ved hjelp av offisiell språkpolitikk i India og Pakistan.

Skriftspråk

Urdualfabetet er utvikla av det persiske alfabetet som igjen kjem frå det arabiske. Det blir kalla nastalíq.

Litteratur

Urdu 
Ein ghazal av Ghalib.

Urdu har ein rik munnleg litteratur, men ei kort historie som litteraturspråk ettersom dei som tala det anten var analfabetar eller brukte persisk.

I dei siste hundreåra har ein også utvikla ein skriftleg litteratur på dette språket. Den best kjende litteraturforma er ghazalen, ei diktform som omhandlar kjærleik, særleg lengt.

Ein særskild variant av urdu som blir brukt til dikting blir kalla rekhta.

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Urdu  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

Urdu SlektskapUrdu SkriftspråkUrdu LitteraturUrdu BakgrunnsstoffUrdu KjelderUrduDet arabiske alfabetetHindiIndiaIndoariske språkIndoeuropeiske språkPakistan

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

KunsteventyrCarl LarssonLyse klosterKristopher SchauPetter NorthugPalestinaAxetelTrekanthandelAlderspensjonSvenska flaggans dagInformasjonskapselJon FosseWish You Were HereHjerneKvalsafariAsker TurlagSkulderbladKlitorisKelvinNorsk ytre språkhistorieSwire SeabedMargrethe II av DanmarkHelena BrodtkorbFreddie MercuryGås18. aprilTettemjølkAlf-Inge HålandDet Bergenske DampskibsselskabCC AmfiJohann Sebastian BachSvastikaBlåmann19. aprilMyrullStalinismeHar SedomTrepunktsopphengBodø kommuneMeter per sekundDet ukrainske alfabetetKristian IV av Danmark-NoregStrilAtenStaffan stalledrängCelsiusKate BushLitauenNorske fylkeskommuneslagordHTMLJoachim av DanmarkRoald AmundsenFredrik SolvangIvan KramskojDurgaRabagastPetter WavoldVeneziaSzilveszter CsollánySkognTandemboggiCharlène av MonacoKari Werner ØfstiMatPeriferieininga SérresUSAUngarnKalkulusDet skeive tårnet i PisaKrøllalfaTwitterKerkíni i Sérres🡆 More