30°21′N 67°01′E / 30.350°N 67.017°E / 30.350; 67.017
Quetta | |||
urdu کوئٹہ, pasjto کوټه, balutsji کویته | |||
by | |||
Land | Pakistan | ||
---|---|---|---|
Region | Balutsjistan | ||
Areal | 265,300 km² | ||
Folketal | 734 000 (2005) | ||
Uttale | |||
Quetta 30°11′31″N 67°00′25″E / 30.192°N 67.007°E | |||
Wiki Commons: Quetta | |||
Quetta er provinshovudstad i Balutsjistan i Pakistan. Byen ligg rundt 1700 moh. og har 734 000 innbyggjarar (2005).
70 % av innbyggjarane er pathanarar, elles er dei største folkegruppene balutsjar, brahuiar og hazaraer.
Quetta ligg strategisk plassert på vegen mellom Afghanistan og Indusdalen over Bolanpasset. Han er ca. 600 km nord for Karachi.
Byen er ein viktig militærstasjon. Han har også mykje handelsverksemd. Det finst fleire basarar her der ein sel kunsthandverk som broderi og onyxarbeider. Quetta har også tekstil- og næringsmiddelindustriar.
Universitetet i byen blei skipa i 1970.
Quetta ligg i eit jordskjelvutsett område. I 1935 døydde omlag 35 000 menneske her etter eit jordskjelv som målte 7,5 på Richters skala. Eit jordskjelv med styrke 6,4 ramma området rundt byen i oktober 2008; fleire hundre omkom.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Quetta, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.