Brahui er eit dravidisk språk som blir snakka i vestre og sørlege sentrale Pakistan, og i nærliggande område i Afghanistan, Iran og Turkmenistan.
Dei viktigaste områda der brahui blir tala er i vest og sør i sentrale Pakistan, rundt byane Kalat og Quetta. Det er det einaste dravidiske språket som har kjerneområde utanfor Sør-India eller Sri Lanka. Ved byrjinga av 2000-talet hadde språket over to millionar talarar.
Brahui بروہی | ||
Klassifisering | Dravidiske språk Nordleg | |
Talarar | brahuifolk | |
Bruk | ||
Brahuitalande i alt | 2,2 mill. (Ethnologue 2005) | |
Skriftsystem | Persisk | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Pakistan | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | brh |
Språket blir snakka av brahuifolk. Dei har vore isolerte frå andre dravidisktalande gjennom fleire hundreår, og har opplevd stor påverknad frå andre kulturar. Som resultat har språket mange lånord frå balutsji, sindhi og persisk. Mange talarar er fleirspråklege, og ein god del tidlegare talarar har gått over til å snakka balutsji eller persisk.
Brahui kan skrivast med persisk-arabisk skrift, i nyare tid også med latinske bokstavar, men svært få brahuitalarar er lesekunnige, og under 1 % av dei kan skriva brahui.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Brahui, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.