Ossetisk: Iransk språk

Ossetisk er eit iransk språk som blir tala i Ossetia, eit område i fjella på grensa mellom Russland og Georgia.

Språket har kring 550 000 brukarar, om lag 451 000 i Russland, hovudsakleg i Nord-Ossetia og rundt 100 000 i Sør-Ossetia i Georgia. Det er skule- og administrasjonsspråk i Nord- og Sør-Ossetia.

Ossetisk
Ирон ӕвзаг Iron ævzag
Klassifisering Indoeuropeisk
 Indoiransk
  Iransk
   Austiransk
    Nordaustiransk
     Ossetisk
Bruk
Tala i Ossetisk: Iransk språk Russland
Ossetisk: Iransk språk Georgia
Ossetisk: Iransk språk Tyrkia
Ossetisktalande i alt 526 453
Skriftsystem Det kyrilliske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-1 os
ISO 639-2 oss
ISO 639-3 oss
Wiki på ossetisk

Ossetisk høyrer til den nordaustlege greina av dei iranske språka. Det stammar frå ein av de mange iranske dialektane som blei tala i Sør-Russland i oldtida og tidleg mellomalder.

Ossetisk: Iransk språk
Førstesida til første utgåva av Ræstdzinad frå 1923.

Dei to hovuddialektene er den austlege ironske, som har flest talarar, og den vestlege digorske. Skriftspråket byggjer på ironsk og blir skrive med det kyrilliske alfabetet. Dette alfabetet blei tilpassa ossetisk av språkforskaren Andreas Sjögren i 1844, med ulike representasjonar av kvar språklyd med bokstavar og diakritiske teikn. Etter eit kortvarig forsøk med latinske bokstavar gjekk dei sovjetiske styresmakten tilbake til dette alfabetet i 1936, med digrafar i staden for dei fleste diakritiske teikna. I Sør-Ossetia blei det georgiske alfabetet teke i bruk, noko som førte til folkeleg oppstand i 1951 og avskaffing i 1954.

Ossetisk: Iransk språk
Ossetiske ordtak skrivne med latinske bokstavar.

Ossetisk har ein rikhaldig folkloristisk tradisjon, noko av han med røter til den iranske oldtida. Det voks fram ein kristen litteratur frå byrjinga av 1800-talet. Den litterære aktiviteten voks også etter oktoberrevolusjonen i 1917. Kosta Khetagurov (1859–1906) er rekna som far til den nasjonale litteraturen.

Bakgrunnsstoff

Kjelder

«ossetisk» i Store norske leksikon, snl.no.

    Fotnotar

Tags:

GeorgiaIranske språkOssetiaRussland

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Folkerepublikken KinaRegnskogKristin SkogheimKyprosCotangensMonosakkaridIALA maritime bøyesystemMJordbruksrevolusjonenToyota Motor CorporationApeDet latinske alfabetetBitcoinArminianismeBaliBondelungeEngelskNasjonaldraktStolt henrikJaran DammannNazismeAustraliaFranklin D. RooseveltRonja RøverdatterProvinsar i OmanNordsamiskKrøllalfaKnut Marius DjupvikElektronikkMedinaLars SponheimAmerikakoffertEtterretningsbataljonenSpaniaSupermannDigital object identifierRadioaktiv strålingIngrid Alexandra av NoregGeologiKapp VerdeTreeiningaTonsillJessica DigginsDag RiisnæsTidAtenSang til BergenVelosipedVictoria av StorbritanniaDervenokhóriaErik AndersenVolda kommuneSamleieWienerklassisismenNorsk folkedansPliktetikkMaiken Caspersen FallaÅsgard2006MarkusmesseBislett-medaljenGrønlandSpesifikk varmekapasitetHarry PotterPoTutankhamonJolene av Dolly PartonJerpeAlbert ÅbergDurgaCanada2016🡆 More