Indoiranske språk utgjer ei av hovudgreinene i den indoeuropeiske språkfamilien, den austlegaste av dei greinene som ikkje er utdøydde.
Indoiranske språk | ||
Klassifisering: | Indoeuropeisk
| |
Vidare inndeling: | ||
Område: | Sørvest-, Sentral- og Sør-Asia | |
Talarar: | Ca. 1,2 milliardar | |
|
Dei indoiranske språka blir delte i to hovudgrupper, indoariske språk og iranske språk, men i overgangsområdet mellom desse hovudgruppene finst det ein del språk som har vore vanskelege å klassifisere, nemleg dei nuristanske språka og dei dardiske språka, som av mange blir rekna som to ekstra greiner av indoiransk. Dei nuristanske språka har òg blitt rekna som ei undergruppe av dei dardiske språka, men desse sistnemnde – utan nuristanske språk – blir av mange rekna som ei undergruppe av dei indoariske språka. Den norske språkforskaren Georg Morgenstierne (1892–1978) er mellom dei som har arbeidt mest med dei nuristanske og dei dardiske språka.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Indoiranske språk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.